Ungdomspartia i KrF og Venstre vil stoppe gruvedrifta i Vevring

Temaet er løfta fram i regjeringsforhandlingane.

DEL

KrFs Ungdom og Unge Venstre krev at stans i avfallsdeponi i norske fjordar vert løfta til toppen av lista i dei nye regjeringsforhandlingane. Slik vil dei også reversere eit ja til sjødeponi i Repparfjorden og Førdefjorden. Dette skriv VG.

– Dersom Høgre og Frp vil halde fram med å regjere i ei fleirtalsregjering, bør dei lytte til dette kravet, seier Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Saman med KrFUs leiar Martine Tønnessen, krev dei to ungdomspartia avgift på gruveslam og eit forbod mot dumping av gruveavfall i norske fjordar i den nye regjeringsplattforma.

Artikkeltags