Gå til sidens hovedinnhold

Kvikkas skal bringe laurdagsavisene

Artikkelen er over 4 år gammel

POSTEN: Dei kan ikkje greie det!. KVIKKAS: Vi skal vise at vi kan!

For abonnentar

Kvikkas har utkonkurrert Posten og fått jobben med å levere laurdagsavisene i utkant-Norge. Før klokka 17.

Samferdsledepartementet og Frp-statsråd Ketil Solvik-Olsen har klokkertru på privatisering som ideologi og held fram med å legge tenester ut på anbod. Han sende i sommarferien ut melding om at det vesle spedisjonfirmaet Kvikkas i Ålesund med førebels åtte tilsette hadde vunne anbodet på distribusjon av abonnementsaviser i Distrikts-Norge. Posten var 95 millionar dyrare, men klaga inn avgjersla. Anbodet gjeld utanfor tettbygde strøk der det ikkje er etablert private distribusjonsselskap.

Dokumentasjon?

– Kvikkas har ikkje dokumentert at dei er i stand til å gjere oppgåva. Samferdselsdepartementet burde derfor avvist tilbodet deira, sa kommunikasjonsdirektør Elisabeth Gjølme i Posten til Klassekampen.

- Viss Posten meiner vi er ueigna skal vi vise dei noko anna, seier dagleg leiar Stig Kleive i Kvikkas til avisa.

Ålesund-firmaet Kvikkas har med seg Nordpost på laget, eit firma som ligg "i krig" med Posten også i ei anna sak. No varslar Norpost oppseiing av 500 tilsette fordi dei ikkje får tilgang til Posten sine sonenøklar. Posten viser til at det ligg juridiske bindingar på at dei har ansvar for slike nøklar til bustadblokker og andre større bygg. 

Ikkje klar

Firdaposten tok kontakt med Kvikkas for å finne ut kor langt dei er komne i planlegginga. Vi fekk snakke med marknadssjef Kristoffer Fausa.

- Vi jobbar no med å geotagge alle postkassene og planlegge omstrukturering av eige system.

- Har de sett på Flora kommune og geografien her?

- Det er for tidleg å kommentere detaljar. Vi skal bruke september på geotagging og planlegging. I oktober kjem vi til å gå i gang med utprøving av distribusjonen. I november skal vi sette i gong. Eg er ikkje bekymra for gjennomføringa. Vi skal få ut avisene så fort som mogleg og innafor fristen klokka 17. 

Avventar situasjonen

Leiar for distribusjon i Firda og Firdaposten, Frode Bruland, jobbar med problemstillinga.

- Ingen ting er avklart her. Det går no føre seg forhandlingar mellom avisene, Mediebedriftenes Landforening og samferdsledepartementet, seier han i ein knapp kommentar.

Ifølgje berekningar frå distribusjons- og logistikkselskapet Mediaconnect risikerer dei fire avisene Nationen, Klassekampen, Finansavisen og Vårt Land å miste mellom 5000 og 6000 laurdagsabonnentar når distributøren Kvikkas overtar ansvaret frå Posten frå 1. november.

Kommentarer til denne saken