Styret i NHO Sogn og Fjordane hadde nyleg møte med stortingsbenken frå fylket. Av sentrale saker som blei tatt opp var bl.a. åtvaring mot eit framlegget frå KrF om å statleggjere ferjedrifta i landet, etablering av CO2-fond for å fremme miljøinnovasjon og miljøvennleg transport, samt stimulering av lokalt- og nasjonalt eigarskap gjennom redusert formuesskatt og selskapsskatt.

- I tillegg drøfta NHO-styret og benken mellom anna status for Stad skipstunnel, breibandsituasjonen i fylket, og nye høgskulestudiar ved høgskulen, fortel regiondirektør Jan Atle Stang.

 NHO Sogn og Fjordane har med ujamne mellomrom møte med stortingsbenken der ein drøftar saker som har betydning for rammevilkåra for næringslivet i fylket. NHO tar såleis imot innspel frå medlemsbedriftene om saker dei ønskjer kommunisert til benken.