– Kommunen har gjort feil

Set strek: Kommuneadvokatane Ida Frøyen Kostøl (t.v.) og Sissel Leni Sundal Nærø godtek tingrettsdommen som seier at Entreprenørservice skal gjere jobben i Industrivegen.foto: liv standal

Set strek: Kommuneadvokatane Ida Frøyen Kostøl (t.v.) og Sissel Leni Sundal Nærø godtek tingrettsdommen som seier at Entreprenørservice skal gjere jobben i Industrivegen.foto: liv standal

Artikkelen er over 1 år gammel

Det har vore sagt og skrive mykje om den betente striden om Industrivegen der kommunen no har tildelt same kontrakten fem gongar.

DEL

Anbodet på nytt vass- og avløpsanlegg i Industrivegen vart først lyst ut med planlagd ferdigstilling i mai 2017.

Les også

Fram og tilbake

Etter at Entreprenørservice AS først fekk kontrakten med eit tilbod på 8 millionar kroner og ei gjennomføringstid på 14 veker, klaga Trygve Ullaland AS, på denne avgjersla. Ullaland var neste på lista med ein pris på 8,4 millionar kroner og 19 vekers gjennomføringstid. Kommunen snudde, mellom anna på bakgrunn av at Entreprenørservice sin gjennomføringsplan var mindre detaljert, og Ullaland fekk kontrakten. No gjekk Entreprenørservice til Sogn og Fjordane Tingrett for å få deira meining om saka. Her fekk dei medhald i eit midlertidig tiltak i desember i fjor, også i at det ikkje var grunnlag for å avvise Entreprenørservice. Flora kommune gjennomførte ei ny evaluering, og i tildelingsbrev 9. mars i år fekk Entreprenørservice for andre gong tildelt kontrakten på arbeidet i Industrivegen.

No klaga Trygve Ullaland AS saka inn for Klagenemnda for offentlege innkjøp – KOFA – og i mai fekk dei medhald her. KOFA anfører i sitt svar at Flora kommune har gjort feil i evalueringa ved å legge til grunn feil innhald i tildelingskriteriet «framdrift/gjennomføringstid». Nok ein gong tok Entreprenørservice AS saka til tingretten, og i ein dom frå 22. september, får dei igjen medhald.

Legg seg flate

– Vi tar dommen til etterretning og legg oss flate for at vi skulle ha tatt omsyn til uklarheiter i utlysinga, seier Flora kommune sine advokatar, Sissel Leni Sundal Nærø og Ida Frøyen Kostøl.

Dei to seier dei meiner tingrettsdommen er rett.

– Retten har komme fram til at det var feil å sjå vekk frå tilbodet til Entreprenørservice ved tildelinga i juni. Den meiner vi skulle lagt ei lengre gjennomføringstid til grunn for Ullaland sin del ved denne tildelinga, enn det vi har gjort, forklarar Nærø.

Problemet ligg i at Flora kommune har fokusert på at Ullaland i sin framdriftsplan seier at han kan starte opp arbeidet 01.01.2017.

– Då får vi ei gjennomføringstid på 19 veker. Men vi oversåg at Ullaland også skriv i sitt anbod at arbeidet kan starte etter 20 dagar, og då blir det uklart kva tidsperspektiv vi eigentleg snakkar om her. Retten meiner at dette må tolkast til ulempe for Ullaland, og at oppstartstidspunktet vert 20 dagar etter innlevering av anbodet, som skjedde den 11. oktober i fjor. Då får Ullaland ei gjennomføringstid på 31 veker, i staden for 19 veker. Så i og med at Entrenørservice er rimelegast og har ei gjennomføringstid på 29 veker, er det då deira anbod som er det beste, seier Kostøl, som bekreftar at det vart sendt ut nytt tildelingsbrev fredag i førre veke.

Dagleg leiar Thomas Østerbø i Entreprenørservice seier dommen viser at tildelinga til Flora kommune var rett i utgangspunktet.

– Det er trasig at vi har halde på så lenge. Men no har vi vunne to gongar, så no håpar vi dette er over.

– Dårleg handtert

Dagleg leiar Thor Arne Ullaland i Trygve Ullaland AS er, ikkje overraskande, av motsett meining.

– Kommunen si handtering gjer det umogleg for Trygve Ullaland AS å forsvare sine interesser i saka. I realiteten sit vi igjen med berre ei moglegheit: Å gå til erstatningsøksmål. Vi har aldri fått komme i forhandlingsposisjon, slik Entreprenørservice har. Kommunen kunne kalla oss inn som vitne i retten, meiner Ullaland.

Han kan ikkje seie på noverande tidspunkt om dei vil gå til erstatningssak mot Flora kommune.

Nærø peikar på at dette er vanskeleg juss.

– Ikkje ein gong dei to dommane frå retten ser dette heilt på same måten, strekar ho under.

Samstundes vedgår Kostøl og Nærø at dei ser kommunen har gjort feil i prosessen:

– Dette har vore ein grei lærdom for framtida.

Artikkeltags