Ni tønner på "rømmen" i Høydalsfjorden

Her er Litle Timberøya merka på kartet.

Her er Litle Timberøya merka på kartet. Foto:

DEL

Martin Gjøringbø, hytteeigar på Litle Timberøya i Høydalsfjorden, såg  18. mai på morgonen plasttønner som kom rekande utover fjorden.

– Eg prøvde å kontakte Vest politidistrikt og varsle om at dette. Men operatøren der var ikkje i stand til finne ut kor Høydalsfjorden er  i geografien. Vedkommande lurte heile tida på om det var Førde. Til slutt gav eg berre opp og la på telefonen, fortel Gjøringbø.

Han har plukka opp til saman ni tønner. Dei ber preg av å ha vore flyteelement under ei båtbrygge.

– Dersom nokon saknar tønnene kan dei berre ta kontakt med meg på 90794519. Viss ingen saknar dei har eg ei ufordring med å bli kvitt dei, fortel han.

Tønnene kom flytande ganske raskt med straumen ut over fjorden.

Artikkeltags