Fiskarlaget feirar 100 i Florø

Leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, saman med leiar i Sogn og Fjordane, Jarl-Magne Silden. Saman med fire ungdomsrepresentantar i fiskarlaget ved eit tidlegare årsmøte.

Leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, saman med leiar i Sogn og Fjordane, Jarl-Magne Silden. Saman med fire ungdomsrepresentantar i fiskarlaget ved eit tidlegare årsmøte. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag i Florø skal markere at dei har runda 100 år.

DEL

Sogn og Fjordane Fiskarlag blei stifta i oktober 1918, same år som det første av 10 lokale fiskarlag i Bremanger vart stifta.

I jubileumsåret består laget av fem lokale fiskarlag og er det regionleddet i Norges Fiskarlag som i sterkast grad har effektivisert lokallagsdrifta. Men sentralisering-suget er stort og årsmøtet skal diskutere drift av organisasjonen, både nasjonalt og regionalt.

Generalsekretær Otto Gregussen deltek med innlegg og i debatt om det arbeidet som pågår på oppdrag frå Landsmøtet om å rigge organisasjonen for framtida.

Brexit og kvoteavtaler er står også på agendaen og det er statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, Veroniva Isabel Pedersen som skal snakke om det.

Under oljenedturen siste åra har rekrutteringa til fiskaryrket har betra seg mykje. Prosjektet Sett Sjøbein er utfordra til å fortelle om rekruttering og kompetanseheving i næringa.

Torsdag kveld er det sett av tid til ei markering av organisasjonsjubileet for årsmøtet og gjestar på Quality Hotell Florø.

Artikkeltags