Bygger fiber-motorveg i øyane

Ole Ingar Haaland i Enivest. På kartet ser ein kor kundane bur.

Ole Ingar Haaland i Enivest. På kartet ser ein kor kundane bur. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Innan eit år kan folk i øyane i Flora koble seg på den digitale fibermotorvegen inn i framtida.

DEL

Flora kommune har skrive kontrakt med Enivest om fiberutbygging i øygarden i Flora kommune. Utbygginga startar i år og skal vere klar til oktober 2018.

– Dette er ei av våre mest krevjande utbyggingar med lange avstandar i sjøen, spreidd busetning og vêrutsette område, seier prosjektleiar Ole Ingar Haaland. Han er salssjef for strategiske kundar og utviding av dekningsområde.

- Vi ser at internettkapasiteten som krevst - doblar seg kvar 18. månad. Med fiber er kundane våre godt rusta til framtida

Ole Ingar Haaland

Einivest vann den nasjonalt utlyste anbodskonkurransen og har signert kontrakt med Flora kommune.  Bakgrunnen for prosjektet er at dagens breibandløysingar er basert på DSL levert via telefon-koparlinjer med det som etter dagens standard er svært låge hastigheiter.  I tillegg har det vore eit ønskje om å få med øyfolket for å sikre framtidig busetnad i øyriket Flora.

Kart som viser kor det skal byggast ut fiber i øyane i Flora i samarbeid med Enivest.

Kart som viser kor det skal byggast ut fiber i øyane i Flora i samarbeid med Enivest. Foto:

– Flora ønsker ei framtidsretta løysing og satsar difor på fiber, seier Einar Årdalsbakke, Flora sin prosjektleiar for utbygging av breiband.

Bak prosjektet står eit spleiselag mellom Flora kommune, fylkeskommunen og NKOM - som går inn med 9,8 mill. kroner. Brukarfinansiering er på 8000 kroner per husstand og abonnentane har har betalt inn til saman 2,65 millionar kroner sjølve.

- Den tredje og største kostanden er det Enivest som tek, understrekar Ole Ingar Haaland, og forsikrar om at han er nøgd med at dei no kan bygge framtidsretta og varig infrastruktur i form av fiber til heimar og verksemder.

- Vi ser at internettkapasiteten som krevst - doblar seg kvar 18. månad. Med fiber er kundane våre godt rusta til framtida.

NKOM

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM)

Dei skal syte for at dei som tilbyr tenester innan elektronisk kommunikasjon, til dømes mobiltelefoni og breiband, har like høve for å konkurrere om kundane.

Nkom sine ansvarsområde er i hovudsak konsentrert om å føre kontroll med lover, forskrifter og konsesjonsvilkår. Vidare å føre register over aktørane på post- og teleområdet. Elles til dømes utføre marknadskontroll på teleutstyr, drive med typegodkjenning og bidra til auka beredskap og sikkerheit.

Artikkeltags