Brannfare? Nei, det lar seg fikse!

Grilling i trygge omgjevnader.

Grilling i trygge omgjevnader. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I sommarvarmen på kysten finnest det alltid ei løysing for å grille sine kotelettar med god sikring.

DEL

Kva gjer ein? Jau, det er berre å slenge tennvæske, kol. mat og grill i båten og finne seg ein omflødd holme. Og her er det truleg berre å grille av hjartans lyst.

På Facebook i dag dukka dette bildet opp av ein gjeng grillentusiaster som hadde fyrt opp grillen på det som skal vere Vombanakkane vest for Florø.

Dei siste dagane har det herja skog og lyng-brannar både i Vågsøy i Sogn og Fjordane , Trysil og Rogaland.

Brannsjef Magne Igland har innført forbod mot opne flammar i naturen i Flora og Bremanger kommunar. Han fryktar følgjene av eit bål ute av kontroll.

Magne Igland

Før helga svidde ein bråtebrann av kring 600 kvadratmeter på Rota utanfor Florø. Med ingen nedbør i vente den næraste tida, vurderer Igland situasjonen som prekær.

– Faren er overhengande om vi skulle fått noko som utvikla seg i naturen. Med litt vind skal det ingenting til før det tek fyr og går over store avstandar. Er det ikkje tilstrekkeleg folk, så har du ikkje sjanse til å ta den, seier han.

Formelt sett bryt grillgjengen på Vombanakkane med forbodet til Flora brannvesen. Samstundes er det ingen fare for at elden spreier seg til noko anna enn eigen båt.

Artikkeltags