- Læraren som prega meg

Banksjef Trond Teigene, Fylkesmann Anne Karin Hamre,  ordførarane Gunhild Berge Stang (Fjaler) og Kristin Maurstad (Vågsøy), redaktør Jan Inge Fardal og firdaposten-nestor Harald J. Stavang, har alle ein ting felles. Dei hadde alle ein lærar som sådde noko viktig i dei.

Banksjef Trond Teigene, Fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførarane Gunhild Berge Stang (Fjaler) og Kristin Maurstad (Vågsøy), redaktør Jan Inge Fardal og firdaposten-nestor Harald J. Stavang, har alle ein ting felles. Dei hadde alle ein lærar som sådde noko viktig i dei.

Artikkelen er over 2 år gammel

Seks fylkeskjendisar om læraren som sette dei på sporet

DEL

«Alle vi som hadde Sigurd Holmboe i bedriftsøkonomi veit kva variable kostnader er»

TEMA: UTDANNINGTrond Teigene: Adm.dir. Sparebanken Sogn og Fjordane

– Det må vere Sigurd Holmboe på Flora vidaregåande skule. Han hadde eg i bedriftsøkonomi. Han er nok litt av grunnen til at eg vart interessert i økonomi. Eg var ikkje den mest skuleflittige på vidaregåande, då var det mykje anna spennande som skjedde. Men han rista litt i oss og fortalde at det kjem noko etter. Og han gjorde dette på ein fin måte. Han gjorde faget interessant og relevant. Eg gløymer mellom anna aldri då han skulle forklare oss faste- og variable kostnader. Så han spurte om nokre hadde eksempel, men ingen svarte. Så tok han ein pakke med krit og kasta den i veggen så kritet spruta over heile rommet. «Krit er ein variabel kostnad!», sa han. For det første vart vi vekte, for det andre gløymer vi ikkje kva variable kostnader er.

«Alt eg kan i realfag stammar i frå det eine året eg hadde John-Willy Klungre»

Kristin Maurstad: Ordførar i Vågsøy

– John-Willy Klungre er ein lærar som lærte meg alt eg kan i realfag. Eg vaks opp i Vanylven og gjekk første året i Syvde der eg hadde han som kontaktlærar i realfaga. Eg klarte meg godt i matte og naturfag, men har ikkje brent for realfaga. Men det året var heilt spesielt. Han konkretiserte alt og faget vart som ein leik. Alt eg kan i realfag lærte eg det året med John-Willy. No er eg utdanna pedagog sjølv og veit kor viktig det er å konkretisere stoffet for elevane. Ja, eg har faktisk nytta hans metodar sjølv. Han er framleis lærar i Syvde og eg treff han innimellom på ski på fjellet, og då mimrar vi om den tida han var læraren min. Ein strålande lærar.

«Etter at eg hadde snakka med Jorunn fekk eg tryggleiken og tru på at eg kunne klare alt»

Gunhild Berge Stang: Ordførar i Fjaler og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre

– Eg hadde Jorunn Ringstad, som mange kjenner som profilert senterpartipolitikar, ein liten periode på ungdomsskulen i Askvoll. Ho var ein lærar som sette tydelege spor i meg. Ho var ein veldig god pedagog, men det spesielle med Jorunn var at ho klarte å senke skuldrene mine og spreie tryggleik. Då eg gjekk i skulen vart eg fort stressa om det var ting eg ikkje fekk til. Etter å ha snakka med Jorunn så fekk eg kjensla at dette var noko eg skulle klare. No har eg vore heldig å ha hatt mange gode lærarar opp gjennom tidene, og det var mange som kunne ha vore nemnt her, men Jorunn var ein lærar som har brent seg spesielt fast hos meg. Ho var ein draumelærar.

«Olav var ein høvding. Han lærte meg å sette pris på dialektene våre og nynorsken»

Jan Inge Fardal: Redaktør i Sogn Avis

– Ein lærar som har vore viktig for meg tidleg, var ein gammal Høvding her i Sogndal. Olav Olsen heitte han og var læraren min ifrå 3. – 6. klasse på Trudvang skule. Han lærte meg å sette pris på norsk litteratur, dikt og sogeskattar. Han var lærar av den gamle skulen med autoritet og fagleg tyngde og gjekk av med pensjon etter at han hadde hatt oss. I timane vi hadde han var det alltid ein song og han lærte oss å sette pris på dialekt og nynorsk. Det er noko eg trur har inspirert meg i høve til det eg driv med i dag. Han var også speidarleiaren min. Det eg har tenkt på i ettertid er at Olav Olsen var ein lærar som evna å sjå oss. Jo, han var ein god mann.       

«Ole Hågård var føre si tid. Han var oppriktig interessert i oss og han lærte meg å delegere»

Anne Karin Hamre: Fylkesmann i Sogn og Fjordane

– Eg har hatt fleire gode lærarar, men det er ein eg vil trekke fram. Ole Hågård. Han hadde eg alle tre åra i norsk på gymnaset i Sogndal. Han var oppriktig interessert i oss, respekterte kvar og ein med dei ulike sidene ved oss. Eg meiner også han var føre si tid. Mellom anna fekk eg og ein annan som var mykje borte på grunn av aktivitetar på fritida, i oppgåve om å lage ei prosjektoppgåve om Gaularvassdraget. Det var ansvar for eiga læring som vi fann langt meir interessant enn å skrive stil. Dette måtte vi presentere for klassen i etterkant. Han lærte meg også å delegere. Eg var ei tid meir oppteken av å vere elevrådsleiar enn elev, så då meinte han at delegering var noko eg burde bli betre på. At han opna heimen sin klokka 05.00 på 17. mai morgon med frukost for ein sliten klasse, sette også eit positivt inntrykk ved Hågård. 

«Han er grunnen til at eg vart journalist og at eg syng lysare enn eg strengt tatt kan»

Harald J. Stavang: Journalist i Firdaposten

– Det er ein lærar som har vore viktig for meg. K.M. Nordanger. Det var læraren som oppdaga at eg fekk til å skrive. Han var kommunalminister heilt tilbake i Nygaardsvolds regjering før krigen. Han var pensjonist, men tok nokre timar på Landsorganisasjonen sin Folkehøgskule på Sørmarka. Han oppdaga at eg fekk til og skrive og meinte at dette var noko eg burde halde fram med. Han hadde stor samfunnskunnskap og underviste i alt. Han lærte mellom anna at du skal strekke deg litt lenger enn du rekker. Ikkje for å bli ein pompøs fyr, men for å utvikle deg. Han er nok grunnen til at eg i alle dagar har jobba som journalist og at eg pressar meg ein halvtone høgre enn stemma mi tillèt når eg skal synge.    

Artikkeltags