Byr på dansk filmdynamitt

Den legendariske Olsen-banden i aksjon. Dei klussa det til med spretne tonar frå Bent Fabricius-Bjerre.

Den legendariske Olsen-banden i aksjon. Dei klussa det til med spretne tonar frå Bent Fabricius-Bjerre. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Dansken Fabricius-Bjerre har laga den musikken til filmar som Olsen-banden og Flåklypa. Fredag blir det spenstig filmmusikk i samfunnshuset.

DEL

Allereie i 1962 fekk Bent Fabricius-Bjerre sitt gjennombrot som komponist, då hen fekk Grammy-prisen i USA for melodien "Alley cat". Sidan har gått slag i slag med musikk som har blitt kjent gennom filmar og tv-seriar. Hugsar du TV-serien Matador? Også der sette Fabricius-Bjerre sitt musikalske stempel med ein flott kjenningmelodi.

LES OM FABRICIUS- BJERRE  HER-

Inspektør Torgeir Halvorsen skal leie eit stort samansett kulturskuleorkester på scena i Flora samfunnshus neste fredag.

- Vi må heile tida tenke nytt og framtidig utbytte av undervisninga. Ved å slå saman kulturskulens strykeorkester og treblåsarar med Floraskulen Brassband, så er vi ikkje langt unna eit symfoniorkester.  Vi forsterkar konserten med eit band leiar av rektor Arne Sunnarvik, som også har arrangert musikken. Det er alltid elevane som skal stå i fokus, men med stødig komp i ryggen så blir musikk- og mestringsopplevinga på scena større. Ein del elevar skal opptre som vokal- og instrumentsolistar i konserten, forklarer Halvorsenn .

Kultursjef Roald Leivestad er kveldens konferansier og vil knyte saman musikken med korte og kjekke fakta om filmane eller tv-seriane den er henta frå.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken