Sola skin på førehandssalet

Kinnaspelet 2015.

Kinnaspelet 2015. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Vi har selt 500 billettar i førehandssal no ei veke før, det er veldig bra, fortel Knut Magne Nesse.

DEL

KINNASPELETSoknepresten har rolla med marknadsføring og billettsal og tolkar førehandssalet no som eit godt teikn. At sola skin over Sunnfjord over lang tid påvirkar i alle høve ikkje negativt. Det er meldt godt vêr heilt fram til neste søndag. 

- Vi har merka bra interesse for spelet. Vi har selt 165 av dei 190 plassane for dei som skal komme frå Bergen med båt. Vi satsar tradisjonen tru på at dette blir beste spelet nokosinne.

Kinnaspelet.

Øvingane for dei til saman 165 amatørane og støttespelararne på scena og i koret startar laurdag i Florahallen. Amerikanske Jeff Petersen er ny regissør av året og ein reknar med at han kjem til å setje sitt bumerke på spelet og gjere nokon spenstige endringar som gjer turen verdt å ta også for dei trufaste som ser spelet kvart einaste år.

Nytt av året er eit nytt orkesterhus- som blir bygd på dugnad av ein gjeng studentar frå Oslo. Det vart påbegynt i november, men skal gjerast ferdig no i juni. Lærar Kolbjørn Nesje Nybø og Erlend Gjelsvik er med på dugnadsarbeidet.

Kinnaspelet 2015.

Kinnaspelet 2015. Foto:

Omorganisert

Kinnaspelet vart i 2013 omorganisert til ein medlemsorganisasjon med eit ansvarleg styre. Kinn Sokneråd som eig spelmanuset, har eit fast medlem i styret. Soknepresten i Kinn er også fast medlem i styret. Soknerådet har delegert alt ansvar for produksjonen av spelet til Kinnaspelet. Kinnaspelet kjøper tenester frå, og samarbeider med Sogn og Fjordane Teater om spelproduksjonen.

Styret i Kinnaspelet har desse medlemmene i 2016:

Gustav Johan Nydal (Styreleiar, logistikk)

Knut Magne Nesse (Sokneprest, annonser, billettsal)

Grethe Stavø (Sekretær, trykksaker, praktisk tilrettelegging)

Torleif Reksten (Kontaktansvarleg internt)

Gunn Jansen (Sufflør, kostymer, praktisk tilrettelegging)

Oddvar Isene (Heimesideansvarleg, PR-arbeid, trykksaker)

Marit Espeseth (Økonomi)

Per Kristian Byrkjeland (Kinn Sokneråd)

Artikkeltags