Slik kjem gratishytta til å sjå ut - og her blir den plassert

Her er hytta som vann arkitektkonkurransen. Teikna av Rojo Arkitekter i Trondheim.

Her er hytta som vann arkitektkonkurransen. Teikna av Rojo Arkitekter i Trondheim.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Flora kommune har fått ei dagsturhytte i gåve. No er det bestemt kvar hytta skal stå. Firdaposten kan også røpe korleis ho kjem til å sjå ut.

Hatlesetnipa vann

- Vi har funne ei plassering på veg opp mot Hatlesetnipa. Alle formalitetane er førebels ikkje på plass, men vi har ein positiv dialog med grunneigaren, og vi har tru på at alt kjem til å gå i boks, seier Margit Drivenes Kløvfjell i Flora kommune.

Sjølve plasseringa er bestemt etter dialog med Turlaget, grunneigarane og Firdaposten sine lesarar som har kome med forslag om kvar hytta bør stå. Det er dessutan ein føresetnad at hytta skal stå på grunnfjell og heller ikkje vere for vanskeleg å nå.

Etter ein arkitektkonkurranse var det Rojo Arkitekter i Trondheim som stakk av med oppdraget. Sjå teikning i toppen av saka. Hytta har store vindauge slik at folk kan nyte utsikten og samstundes vere i le for vêret.

- Kvar hytte består av fire modular. Dei vil bli prefabrikerte og flydde opp med helikopter, fortel Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Banksjef Ole Aukland, turlagsleiar Siv Merete Stadheim og ordførar Ola Teigen blar i Flora Turlag si nye bok for å finne aktuell plassering av den nye hytta. Arkivfoto: Dag Nesbø Frøyen

Flora blant dei første

Sparebankstiftinga er i gang med eit nytt gåvedryss over fylket. Frå før har dei fått opp klatreparkar i alle kommunane. No er det turfolket det skal gjerast ære på.

Det er snakk om ei hytte på om lag 15 kvadratmeter. 200.000 kroner kjem frå spelemidlar, 200.000 frå momsrefusjon og 200.000 i gåvemidlar frå banken.

Flora er ein av kommunane som har søkt spelemidlar og er klar for å sette opp hytta i år.

- Til saman seks kommunar er eit hestehovud framfor dei andre, seier Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune og listar opp:

- Flora, Førde, Balestrand, Luster, Jølster og Gloppen. I utgangspunktet ser vi for oss at å ferdigstille to hytter før sommaren, og fire etter.

Bortimot gratis

- Viss alt går etter planen, vil hytta kome på plass i løpet av året, seier Margit Drivenes Kløvfjell i kommunen.

Det er forskottert midlar i investeringsbudsjettet, men i praksis skal gåva vere bortimot gratis for kommunane.

- Hytta skal kunne brukast året rundt, men det er ei enkel hytte utan varmekjelder og straum, så folk er avhengige av dagslys, seier Kløvfjell.

Artikkeltags