Dei har registrert tagging av hakekors fire stader og no sist rett ved grendehuset og skulen i Steinhovden.

– Det ser ut som om det er brukt same farge spraymåling alle stadene, så det er naturleg å tru at det er den same eller dei same personane som har gjort dette. Vi er ikkje så veldig opptekne av konkret kven som har gjort det, men er langt meir opptekne av kva som er gjort. Alle veit kva hakekorset som symbol betyr og vi ønsker å ta skarpt avstand frå nazismen og alt den står for, understrekar grendelagsleiaren.

 

Folk i bygdene kjenner seg utrygge etter at det no er tagga hakekors endå ein gong.

Bjarte Steinhovden
 

Eit år

Tagginga byrja for kring eit år sidan og bygdefolket har lenge valt å tru at det berre var gutestrekar. Den eine tagginga kan tyde på det, sidan eit av hakekorsa er feil teikna. Fram til i dag har ein valt å berre male over svineriet og i staden måle blomar over.

Dropen som fekk begeret til å renne over - kom når det blei tagga hakekors på vegen ved skulen og på postkassene nyleg.

– I media ser vi at nynazismen er på frammarsj kring om i verda. Det er ekkelt og utriveleg at det ser ut som om vi har folk i blant oss som kanskje taggar desse symbola fordi dei faktisk er samde med det nazismen står for, seier grendelagsleiaren.

Hakekors

Hakekors, likearma kors med armane bøygd i rett vinkel. Har frå gamle tider over store deler av verda vore brukt som religiøst symbol, magisk teikn og som ornament.

Hakekorset opptrer allereie i tidleg koparalder i Elam. Heilt frå oldtida har det vore eit kristent symbol, men har også vore utbreidd i India, Aust-Asia, Japan. Det har også vore funne i Afrika og Amerika. 

I Norge er hakekorset kjent tilbake til jernalder, både på helleristningar og frå gravfunn . I mellomkrigstida blei hakekorset brukt som eit symbol på elektrisk kraft, og var måla på portane til Oslo Lysverker.

Hakekorset sitt opphav er omdiskutert og er kjent både som germansk eller indoeuropeisk symbol. Dette fekk dei tyske nazistane til å bruke det som sitt hovudsymbol. (Kjelde SNL)

 

På skulen

Firdaposten var innom skulen i Steinhovden tysdag og snakka med nokon av elevane.

– Det er ikkje snilt gjort. Dei som har gjort det er ganske slemme, seier Mia (9).

4.-klassingane er alle einige om at det er ikkje er greitt.

– Dei som har gjort det bør innrømme det, slik at dei ikkje treng å gjere det meir, poengterer Oline (8).

– Ein får ikkje glede eller skryt tilbake når ein gjer noko slikt. Dei har kanskje ikkje nok venner? spekulerer Mathias Oleander (8).

– Kva trur de beste- og olde-foreldra dykkar tenker når dei ser korsa?

– Kanskje blir dei bekymra for at krigen skal begynne igjen. Det er eg veldig, veldig redd for! fortel Oline.

Har mistanke

Gunnvar Seljeseth (75) er tilsynsmanns på skulen og var leiar i grendelaget på 90-talet.

– Vi har mistanke om kven det er, men det blir ei sak for politiet. Det er skremmande at slikt skjer i eit lite bygdesamfunn. Eg syns det er heilt forkasteleg at vi skal ha det slik i dag, og håpar at politiet nøster opp i det.