No går dei for 100.000 kroner

AKSJONSKOMITEEN: Frå høgre: Anna Stavang, Frøya Hopen Eliasson, Andrine Stusdal Melvær, Bing Zeng og Lene Klokk. Foto: Ole Aukland

AKSJONSKOMITEEN: Frå høgre: Anna Stavang, Frøya Hopen Eliasson, Andrine Stusdal Melvær, Bing Zeng og Lene Klokk. Foto: Ole Aukland

Artikkelen er over 1 år gammel

Florarussen hadde 60.000 kroner som mål då dei starta innsamlingsaksjonen til Kreftforeningen måndag.

DEL

– Aksjonen var absolutt ein suksess, seier aksjonssjef Andrine Stusdal Melvær. Det var måndag at Florarussen gjekk frå dør til dør og smala inn pengar til inntekt for Kreftforeningen i Flora og Bremanger. Etter at dei var ferdige møttest dei i lokala til Sparebanken Sogn og Fjordane som tok hand om pengane. Tysdag talde dei opp. Då viste det seg at dei hadde fått inn over 70.000 kroner.

Banken og kommunen stilte opp

Dei kontakta Kreftforeningen som kunne opplyse at dei hadde fått inn ca. 17.000 kroner på Vipps-kontoen. Deretter opplyste banksjef Ole Aukland til oss at banken ville støtte saka vår med 5000 kroner, jublar Melvær som saman med komiteen no sette seg nye mål.

- Eg synest dei gjer ein kjempeinnsats og på bakgrunn av det så ville vi vere med å støtte dei. Eg vil oppmode andre næringsdrivande til å gjere det same, det er ikkje berre fest og moro med russen, dei gjer ein kjempejobb, seier Ole Aukland.  

Flora kommune var kontakta på E-post, og frå ordførar Ola Teigen fekk dei til svar at Flora kommune ville vere med å støtte prosjektet med 5000 kroner.

Ny målsetting

– Dette har vore over all forventning. Vi i komiteen har hatt godt samarbeid med kreftforeningen, Sparebanken Sogn og Fjordane og sjølvsagt russen som har gjort jobben. Før vi starta hadde vi eit mål om 60.000 kroner. Det klarte vi med glans. No går vi for å få inn 100.000 kroner. Vi har allereie sendt ut e-post til ulike bedrifter i Florø der vi ventar på tilbakemelding. Vi håper dei skal hjelpe oss heilt til topps, kjem det frå Andrine Stusdal Melvær. 

Artikkeltags