Oppfordrar florøværingar til å donere øydelagde syklar

Solbakken asylmottak får snart eige sykkelverkstad. Frå venstre: Laila Anita Schønhardt, Bourhan Salaiman, Sipan Muhammad, Nuderkhan Haiati, Nasrudi Ghaffor, Hanif Mohamad, Ahmad Abas og Hussein Osman.

Solbakken asylmottak får snart eige sykkelverkstad. Frå venstre: Laila Anita Schønhardt, Bourhan Salaiman, Sipan Muhammad, Nuderkhan Haiati, Nasrudi Ghaffor, Hanif Mohamad, Ahmad Abas og Hussein Osman. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Opnar sykkelverkstad på Solbakken asylmottak.

DEL

På torsdag startar Flora kommune si mobilitetsveke, med fokus på fysisk aktivitet og sykling. I den anledning har nytilsett aktivitetsleiar i Frelsesarmeen, Laila Anita Schønhardt, starta opp eit fellesprosjekt med Solbakken asylmottak for å skaffe syklar til fleire av bebuarane på asylmottaket.

– Bebuarane har ikkje store valgmoglegheiter når det kjem til framkomstmiddel. Men dei syklar gjerne, spesielt når det er godt vêr! Problemet er at om ein ikkje har råd å kjøpe sykkel - er det også vanskeleg å sykle, seier Schønhardt.

Ho fortel at på Solbakken er det mange som verken går på skule eller har arbeid og derfor har mykje fritid.

– Vi såg at fleire av mennene fekk som "hobby" å reparere gamle syklar. Gjennbruk i seg sjøl er bra og her var resultata svært imponerande, seier Schønhardt. 

Gamle og øydelagde syklar finn dei slengt rundt om i byen og tek dei med tilbake på Solbakken.

– Vi ser støtt og stadig at det ligg sykkeldelar og øydelagde syklar slengt i grøftekanten. Frelsesarmen og kommunen vil no sette opp eit skikkeleg sykkelverkstad og oppfordrar derfor alle som har ein øydelagt sykkel ståande ubrukt i garasjen, donere desse til Solbakken. Her sett dei garantert pris på det!

– Florø er ein fin sykkelby

– Det er nokon av dei som bur her som er svært flinke til å reparere syklar, og dei lærer det gjerne vidare. Eg syns dette er eit bra prosjekt, seier Sipan Muhammad, som berre har vore i Norge i 11 månadar, men snakkar nesten flytande norsk.

Han fortel at i dag delar dei fleste bebuarane på eit fåtal syklar og at dette stort sett går fint, utanom når det er fint vêr.

– For då vil alle ut å sykle på ein gang, ler han og held fram:

– Det er jo svært praktisk å ha sykkel. Både når vi har vore på butikken og handleposane er tunge, men også som aktivitet. Vi har mykje fritid og Florø er ein fin sykkelby. For eksempel er det veldig fint å sykle rundt Storårsen.

350.000 kroner i «aktivitetsmidlar»

Frelsesarmeen i Flora er ein av to kommunar som har fått «aktivitetsmidlar» frå Frelsesarmeen sentralt. Pengane, 350.000 kroner, er først og fremst eit prøveprosjekt, men om det viser seg å vere vellykka kan det hende at ordninga held fram.

– Sykkelverkstaden er eit av fleire prosjekt som kjem framover. No er det viktigaste å få på plass ein stad dei kan vere, og så skal vi kjøpe inn refleks, lykter og hjelmar, seier Schønhardt.

– Men vi er ikkje barn! Vi treng ikkje heim, skyt Muhammad inn, og får eit støttande klapp på skuldra frå ein av kompisane.

I tillegg til sykkelverkstaden skal det, iløpet av mobilitetsveka, også haldast eit sykkelkurs for kvinner.

– På Solbakken er det mest einslege menn, men det er og ein del kvinner som no får moglegheita til å lære og sykle. Det ligg ikkje i kulturen deira, at kvinner syklar, og svært mange har aldri sete på ein sykkel. Det skal vi gjere noko med, avsluttar frelsesarmeens aktivitetsleiar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken