Engie ser på alternativ til Widerøe

Bakkemannskap har mindre å gjere for tida med ein god del kanselleringar.

Bakkemannskap har mindre å gjere for tida med ein god del kanselleringar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Kanselleringar hos Widerøe gjer at olje og gasselskapet Engie blir tvinga til å sjå etter alternativ.

DEL

Måndag morgon fekk ein ikkje gjennomført mannskapsskifte som planlagt på Gjøa-plattformen, etter eit kansellering på kort varsel på morgonflyet frå Bergen til Florø.

Det fekk marin sjef på Gjøa, Oddgeir Madsen, til å ta bladet frå munnen.

- Widerøe dreg ned Florø som oljeby 

Widerøe forklarte kanselleringa med at dei ikkje hadde crew og fly tilgjengeleg til å utføre alle rutene på grunn av at fly stod vêrfaste. 

- At flyreiser blir kansellert på grunn av dårleg vêr kan skje alle flyselskap, understrekar kommunikasjonsrådgjevar Silje Brandvoll, direktør for Kommunikasjon og Samfunnskontakt i Widerøe.

Widerøe: – Vi mangla crew 

Kommunikasjonsrådgjevar Katrine Endresen i Engie fortel at dei må vurdere ei rekke alternative måtar å reise på for å få mannskapslogistikken til å gå opp i samband med utflyginga frå Florø.

- Vi må vurdere både buss og båttransport i tillegg til å chartre eige fly ved behov, slår ho fast.

Artikkeltags