Vil ha slutt på fiskeri-lotto for ungdom

HELD FRAM SOM FORMANN: Jarl Magne Silden snakkar her til statssekretærane i Fiskeridepartementet på årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

HELD FRAM SOM FORMANN: Jarl Magne Silden snakkar her til statssekretærane i Fiskeridepartementet på årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fiskarlaget meiner at vegen inn i fiskaryrket ikkje bør gå gjennom trekning av rekrutteringskvôtar for ungdom med sjark.

DEL

På årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag i Florø torsdag var dei unisont einige i at ordninga må avskaffast og erstattast med ei økonomisk etableringsordning. Poenget er at ungdom i alle flåtegrupper må stille likt i konkurransen om å jobbe seg opp i næringa.

Slutt på fiskeri-lotto

– Vi må sikre ein fiskareigd flåte i framtida, utan å vere med i ei nasjonal lottotevling på kvotemarknaden, heiter det i vedtaket.

Alle som tok ordet var samde i ordlyden i vedtaket.

– Ordninga er eit blindspor. Desse kvotane blir tekne på toppen av ressursgrunnlaget og alle i næringa er med og betaler for det. Vi kan ikkje fortsette å dele ut desse kvotane år etter år. Det fungere heller ikkje så godt, fordi desse kvotane er ikkje mogleg å pantsette for å låne meir pengar. Snart er krybba tom. I staden må vi finne ei ordning der alle unge i næringa får sjansen til å etablere seg som eigar.

Også tidlegare fiskarlagsformann og no varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp), støtta vedtaket heilhjarta.

– Vi kan ikkje berre tenke på dei små fartøya i fiskeflåten, understreka han.

Brexit

Statssekretær Veronika Åsheim Pedersen (Frp) orienterte om regjeringa sitt arbeid og førebuing til forhandlingar med britane om fiskerirettigheiter når dei går ut av EU.

STATSSEKRETÆR: Statssekretær Veronika Åsheim Pedersen frå Fiskeridepartementet.  På årsmøtet til Sogn og Fjordane Fiskarlag.

STATSSEKRETÆR: Statssekretær Veronika Åsheim Pedersen frå Fiskeridepartementet. På årsmøtet til Sogn og Fjordane Fiskarlag. Foto:

– Vi skal ikkje blande korta i forhandlingane. Vi skal ikkje blande forhandling om marknadstilgang med forhandlingar om gjensidig tilgang til soner og fiskekvotar, understreka ho fleire gonger.

Fiskarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fangstar mykje botnfisk som lange og brosme i tillegg til torsk, hyse og sei i EU-sona.  Dei fryktar også å bli stengt heilt ute medan forhandlingar pågår og vil ha ein mjuk overgang.

– De må ikkje godta sekkekvote mot tilgang i den britiske marknaden. Vi med vårt spesielle fiskeri må ikkje dette ned mellom stolane, når regjeringa skal forhandle om tilgang for å fiske pelagisk fisk. Dette skjedde ein gong før, då banklineflåten brått blei utestengt frå det beste feltet for fiske av lange vest av Rockall.

Plastfokus

Fiskarlagsformann Jarl Magne Silden understreka at næringa er svært opptekne av å redusere plastforureininga i havet.

– Nokon har hatt nokon svin på skogen tidlegare. Det har nok vore tilfelle av miljøkriminalitet, men no har vi fått eit godt system for oppsamling og innlevering av plast til stasjonar i land. Eg opplever at vi til tider får ein del urettferdig kritikk. Dette med plast må vi ta tak i på alle baugar og kantar. Det er for mykje bruk av plastemballasje i alle ledd, understreka han.

Nils Myklebust viste til at fiskarane frå regionen her har vore føregangsmenn på dette feltet og har også samla opp enorme mengder med såkalla «spanskeplast». Det er leivningar av fiskereiskap frå trålarane i EU-land, der det er og har vore ein kultur for å la havet ta seg av plastavfallet.

– Skal vi overleve som fiskerinasjon, må vi overlevere havet til neste generasjon i den same tilstanden som då vi tok det i bruk. Det greier vi ikkje i dag, desverrre.

Artikkeltags