- Victoriakrysset må ordnast no

I denne gata foregår det no gravearbeid i samband med avsluttinga av Kinnvegen-renoveringa.

I denne gata foregår det no gravearbeid i samband med avsluttinga av Kinnvegen-renoveringa. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Victoria-krysset bør ordnast no når Flora kommune gjer eit større arbeid i området.

DEL

Det seier leiar Bjørn Hollevik i Flora Industri og Næringsforening (FIN). Dei ser ei gylden moglegheit no i samband med sluttføringa av Kinnvegen, i krysset Torggata / Markegata, at ein bør nytte høvet til å få trafikken her betre og tryggare.

FIN ser det som avgjerande viktig å nytte høvet no til å gjere noko med trafikkbildet  i Victoriakrysset.

- Dagens situasjon er at krysset er for trongt slik at store bilar må over i motsett køyrefelt for å komme gjennom krysset, slik at det stadig oppstår farlege situasjonar. Krysset er uoversiktleg og til tider kaotisk, med stor trafikk av både køyrande, syklande og ikkje minst gåande som kryssar gatene her, påpeikar FIN-leiaren.

FIN føreslår to enkle strakstiltak som vil betre trafikktryggleiken betrakteleg:

  1. Ein utvidar og drar ut krysset i inngangen til Markegata mot aust og vest.
     
  2. Intensiv belysning må på plass for å auke tryggleiken for alle som kryssar gatene her.
     

-  Desse to tiltaka meiner vi må setjast i gang no, når ein likevel jobbar i dette området. Det vil ha stor samfunnsnytte og vil lette trafikkgjennomføringa når ein på eit seinare tidspunkt skal fornye Markegata.

Artikkeltags