Dette poengterte floraordførar Ola Teigen då Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie var på besøk i Florø fredag.

Han var klar på at tiltakspakkar for det konjunkturråka Vestlandet var vel og bra, men at retninga ikkje var god nok.

– Hadde vi fått midlar til næringslivsselskapet vårt ville vi vore betre hjelpt. No seier vilkåra at tiltakspakkane skal gå til gryteklare prosjekt. Då er det veg og anlegg det går til, og i den bransjen er det ikkje arbeidsløyse utfordringar, kom det frå Teigen.

At 70 offentlege arbeidsplassar innan Skatteetaten og i politiet skal forsvinne frå ein kommune som slit med oljedepresjon meinte han burde bli vurdert i eit større bilde.

Han synte ministeren prosent offentlege arbeidsplassar og tal sysselsette i tillegg til arbeidsløysetala opp i mot dei andre kommunane med skattekontor i fylket. Han lurte då på kvifor det var skattekontoret i nettopp Flora som no skulle ryke denne gongen.

Sjå samanhengen

– Eg saknar at nokre ser på slike samanhengar, som du skjøner blir vi spesielt hardt råka, poengterte ordføraren.

Det var eit tettpakka program sett opp for ministeren der ho møtte lokale representantar frå regjeringspartia, NAV-direktør Tore Thorsnes, fylkesmann Anne Karin Hamre og regiondirektør for NHO, Jan Atle Stang mellom anna.

– Eg synest det er viktig å komme ut og lytte til utfordringar i næringslivet og i kommunane, fortalde Hauglie om sitt første besøk i Florø.

Programmet starta på Westcon Yards der verftsdirektør Mikael Johansen informerte ministeren. Han kunne derimot forklarte at dei hadde hatt god hjelp av tiltakspakkane frå regjeringa. Mellom anna ved eit framskunda vedlikehaldsoppdrag av forskingsskipet "GO Sars" som statsråden fekk omvising på, og kystvaktskipet KV "Svalbard".

– Må ha gode rammer

Men Johansen var tydeleg på at rammevilkår og infrastruktur er viktig skal dei kunne konkurrere i ein stadig tøffare marknad. Kanskje spesielt i ei tid med omstilling. Verftet i Florø som før bygde skip ifrå kjølen og opp, er i dag eit reparasjonsverft for vedlikehald og ombygging av skip, samt har retta seg inn i mot riggmarknaden og subsea-feltet. Å "backsource" oppgåver, det vil seie å produsere sjølv oppgåver som tidlegare vart kjøpt i utlandet, er litt av omstillinga. Dette kostar. Innkjøp av robotar til kutting av rør og utbrenning av profilar er no gjennomført. Men den store kostnaden ligg på krankapasitet og kai for riggvedlikehaldet dei ønsker inn i. Men skal dei kunne få ta del i denne marknaden er infrastrukturen, det vil i denne samanhengen seie, djup nok lei til verftet avgjerande.

   Utdjuping av innseglingsleia til 20 meter var eit poeng Johansen trekte fram. Dette for i det heile tatt å kunne delta i konkurranse om dei kommande riggoppdraga. Leiaren for Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik peika her på at dette var noko som må gjerast raskt, og såleis gjerast utanfor nasjonal transportplan (NTP).

Statsråden såg utfordringa og var klar på at deira oppgåve er ikkje å skaffe oppdraga til Johansen, men heller legge til rette for rammene dei skal konkurrere innanfor.