Fjernar avfallskonteinerar ved AMFI

Grunna byggarbeid er avfallskonteinerar på flyttefot.

DEL

Flora kommunen melder om at dei fjernar konteinarane for spesialavfall, glass og hyttekonteinar som står på nordre side av AMFI Florø.

Dette gjeld frå og med måndag 10. september 2018.  Årsaka til dette er utbygging av AMFI-senteret og avsperring av område. 

Næraste leveringsplass blir då Rema 1000 på Evja både for spesialavfallskonteinaren og glass.

Artikkeltags