Ville droppe Polen-tur om dei ikkje fekk vere med på opninga

GIRA: Det er kanskje foreldra til denne gjengen, som først starta kampen for skateområde i Florø.

GIRA: Det er kanskje foreldra til denne gjengen, som først starta kampen for skateområde i Florø.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det har vore ein lang kamp dei har kjempa, skatarane som har ivra for eit område for skating i Florø. Dei som har stått i front for tilrettelagt skating har også blitt skifta ut gjennom no snart 20 år. No er dei snart i mål og skateparken ved Flora Ungdomsskule er blitt flottare enn det mange hadde sett føre seg. Om lag 5 millionar er lagt inn i prosjektet og det er i tillegg funne rom til tak på nordsida av parken mot Russar-leiren. Dragarane til taket er no montert.  

SNART FERDIG: Betongarbeidet er meir eller mindre ferdig, no er det taket på parken som står att.

SNART FERDIG: Betongarbeidet er meir eller mindre ferdig, no er det taket på parken som står att. Foto:

21. august var eit 20-tal skatarar samla på ungdomshuset Haffen planleggingsmøte for opninga. Parken skal ifølge entreprenøren stå klar i veke 37, men den offisielle opninga blir turleg ikkje før i veke 38. Grunnen viser også det sterke engasjementet skatarane har for den nye parken sin. 

– Fleire av skatarane er på skuletur til Polen i veke 37, og dei var klare på at dei ville avlyse heile turen om dei ikkje fekk vere med på opninga, kan ungdomsleiar Inger Fuglesang fortelje.

Under opninga ønsker dei seg ein happening med musikk, proffe skatarar der media er på plass saman med representantar frå rådhuset som tek med seg saks. 

Artikkeltags