Rundar av proffkarrieren i Florø kyrkje

SYMFONIORKESTER: Erling Sunnarvik har turnert verda rundt med Oslo-Filharmonien.

SYMFONIORKESTER: Erling Sunnarvik har turnert verda rundt med Oslo-Filharmonien. Foto:

– Konserten i Florø torsdag blir min siste på topp profesjonelt nivå. Mi musikk-karriere starta i Florø og den endar her.

DEL

Det seier Erling Sunnarvik, som hadde sin siste konsert på turneen i går kveld framfor eit talrikt publikum i Åmål. No håpar han Florø-folk finn turen på avrundingskonserten hans.

– Det kostar mykje å halde opp eit profesjonelt nivå. Eg øvar 5-6 timar dagleg for å innstudere og vedlikehald stoffet og teknikken. Her i Sverige har eg vore heldig og hatt ein fast pianist dei siste 10 åra. Vi treng berre kaste eit blikk på kvarandre, så skjønar vi kva som skal skje. No ser eg fram til å øve inn stoffet med Anastasiya Bazhenova heime i Florø. Det blir sikkert ein god del øving, men det skal gå bra, seier han.

Speling på toppnivå på kontrabass er også fysisk krevande.

– Det er såre fingrar og illt i nakke, rygg og skuldrar i dei intensive perdiodane. Heretter skal eg berre spele svisker, smiler han.

OperaKysten inviterer til stemningsfull konsert i Florø kyrkje torsdag. Publikum skal få oppleve sonatar, lett barokkmusikk og nokre obligatoriske svisker.

Erling Sunnarvik med lang erfaring som profesjonell kontrabassist i blant anna Oslo Filharmoniske Orkester og Bergen Filharmoniske Orkester, og er også kjent for sin bakgrunn som progrock- og jazzmusiker på 70-80 tallet med banda Catchy Club og Dimension. Erling er utdanna hos Knut Guettler i Oslo og hos Gary Karr i USA. 

Anastasiya Bazhenova kjem frå Russland. Ho er utdanna som klassisk utøvande pianist. Hun tok bachelorgrad i Russland og mastergrad ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Anastasiya har vunne fleire pianokonkurransar i Russland, Italia og Frankrike. No jobbar ho som organist i Flora.

Artikkeltags