Linda Wright er direktør i One World Consulting Ltd. på New Zealand, eit slags tvillingland på andre sida av jordkula, der det også blir jobba aktivt med fornybar energi og å få ned utsleppa av klimagassar.

– Då vi landa her på kysten var slåande så likt alt er New Zealand, både naturen og byggeskikken.

Linda Wright hadde 15 minutt taletid til sitt foredrag på konferansen, men hadde så mykje på hjartet at det blei eit slags høghastigheits-foredrag. Men ho kom ikkje berre for å dele sine erfaringar, men like mykje for å høyre på andre og skaffe seg eit nettverk av folk verda over som er opptekne av dei same problemstillingane.

Deler dei same utfordringane

– Vi deler vi dei same utfordringane med å redusere karbonutsleppa og å få transportsektoren og industrien over på nye fornybare energikjelder som hydrogen. Utfordringane er like, men vi treng samarbeid og utveksling av kunnskap globalt for å få det til, slår ho fast.

Det var 130 deltakarar på Hydrogenkonferansen frå elleve nasjonar. Dei mest langvegsfarande kom frå USA, Canada og New Zealand.

 

– Den globale interessa stadfestar at det regionale næringslivet og fylkeskommunen er langt framme i si hydrogensatsing. Det er veldig kjekt å oppleve, seier Trond Strømgren på vegner av arrangementstrioen- der han hadde med seg Maria Brandsøy frå Maritim Forening og Elisabet Kjerstad Bøe frå Fylkeskommunen.

Rikhaldig program

Saman hadde dei tre arrangørane sett saman eit rikhaldig program. Utgangspunktet er Sogn og Fjordane som arena for satsing på hydrogen og maritim fornybar energi.

– Fylket vårt har eit stort kraftoverskot. Lagring av elektrisk kraft i form av hydrogen kan gje auka lokal verdiskaping i fleire bransjar, til dømes gjennom utvikling av nullutslepp transportløysingar, seier Elisabet Kjerstad Bøe, prosjektleiar for det fylkeskommunale prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane har ei lang kystline med rikeleg vind og bølger og i tillegg stabile tidevasstraumar.

– Tilgang til kvalifisert maritim kompetanse gjer at næringslivet i fylket kan levere tekniske løysingar for å utvikle desse ressursane, legg Maria Brandsøy i Maritim Forening Sogn og Fjordane til.

Det er allereie fleire lokale bedrifter som er engasjerte innanfor maritim fornybar energi.

Leiande på subseateknologi

Norske bedrifter er verdsleiande på subseateknologi. Trond Strømgren i GCE Subsea har kontor i Florø og representerer næringa.

– Vi kan nytte mykje av subseakompetansen på nye felt, til dømes innan maritim fornybar energi, seier Strømgren.

 

Døme på dette er oppankring av flytande offshore vindmøller, samt konstruksjon og drift av tidevassturbinar. Nettopp dette er fagfeltet til Karoline Hove frå Florø, nyleg uteksaminert med mastergrad, frå Heriot Watt University på Orkenøyane. Dei er del av universitetet i Edinburgh i Skottland. Ho starta på si utdanning på det første kullet på subseastudiet i Florø. 

Intensiv Master

Karoline Hove heldt innlegg på konferansen om sitt masterarbeid på temaet kommersialisering av bølge og tidevatnkraft. Ho fortel at ei stor utfordring for desse teknologiane er at det er så mange ulike konsept. Det er vanskeleg å peike ut ein teknologi som kan føre til eit skikkeleg gjennombrot for denne type kraftproduksjon.

– På Heriot er det eit veldig stramt opplegg på masterstudiet, som vi fullførte på eit år. Men no er eg ferdig utdanna og ser meg om etter jobb. Eg har lyst å jobbe vidare med fornybar energiproduksjon, gjerne marin eller offshore vindkraft, seier Karoline, som også leia ein workshop på konferansen innan feltet. 

 

Global merksemd

Det at både næringslivet og fylkeskommunen satsar på hydrogen som ein energiberar for framtida har vore eit vellykka samarbeid så langt. Særleg har prosjektet som omhandlar design og bygging av ein 30 meter lang hurtiggåande passasjerbåt, med framdriftssystem basert på hydrogen, fått mykje merksemd.

Brødrene Aa, Flora Skyssbåt og Flora kommune er blant dei involverte partane i dette prosjektet, der Maritim Foreining Sogn og Fjordane har prosjektleiinga. Ekstern finansiering er henta frå Innovasjon Norge fylkeskommunen si støtteordning med midlar frå Sparebankstiftinga.