Flora formannskap vedtok onsdag å be Førde og Naustdal om å selje seg ut av Kystvegen Måløy – Florø.

 – Vi kan ikkje ha medeigarar som aktivt motarbeider selskapet sitt formål, meinte Frank Willy Djuvik (Frp) og fekk med seg eit fleirtal formannskapet på eit vedtak om å kjøpe dei ut. Ordførar Ola Teigen (Ap) og varaordførar Jan Henrik Nygård (V) var begge inhabile i handsaminga av denne saka, då dei sit i styret i aksjeselskapet Kystvegen Måløy – Florø.

Styreleiar i Kystvegen Måløy- Florø AS, Reidar Sandal, understrekar at dette førebels er ei eigarsak og ikkje ei styresak for han.

– Eg vil oppmode om at det blir teke kontakt med leiinga i Førde og Naustdal fortast råd. Eg avventar ei avklaring så fort som mogleg, fordi vi er ikkje tente med ein uklar eigarsituasjon. Styret skal handtere dette på ein ryddig måte uansett utfall, understrekar Sandal.

Attval i generalforsamlinga

Han fortel at det var generalforsamling i Kystvegen Måløy-Florø i slutten av april og heile styret fekk der fornya tillit.

– I generalforsamlinga var det god atmosfære og ikkje usemje på nokon punkt, fortel han.

 

 

Vi tok kontakt med Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) om vedtaket i Flora-formannskapet.

– Dette er veldig uheldig. Personleg meiner eg det er viktig politisk å ha breiast mogleg alliansar. Som ordførar ønsker eg å diskutere saka i formannskapet før eg seier noko meir.

Ola Teigen (Ap) i Flora viser til at som ordførar er han bunden til vedtaket i formannskapet. Saka kjem til å bli følgd opp snarast råd er.

Bremanger vil også ha Grov  

Kommunestyret i Bremanger har også vedteke samstemmig å støtte Grov-alternativet i staden for Terøy-alternativet inn mot Florø.  Det skjedde etter at styret i Kystvegen med Bremanger sine to styrerepresentantar i fleirtalet vedtok å gå inn for Terøy-alternativet. Ut frå kommunestyrevedtaket er no Bremanger sine to styrerepresentantar etter dette bundne til å arbeide for Grov-alternativet. 

Styreleiar Reidar Sandal meiner dette ikkje har noko praktsik betydning no:

– Vi fekk eit fylkestingsvedtak med val av Grov-traseen som siste del i utbygginga av Kystvegen Måløy-Florø.  Aller først må vi få på plass Svelgen- Indrehus og deretter må vi sjå på kryssinga av Nordfjord. Det er truleg svært lenge til den siste delen av prosjektet blir realisert og då kan den politiske situasjonen vere ein heilt annan.

– Har Flora Formannskap fått solstikk?