No treng du ikkje Google på Storåsen lenger

Frode Ryland frå Orgigod, Elisabeth Solheim, Flora kommune, Siv Merete Stadheim, Flora Turland og Trond Sagen, Reklamebyrået A til Å. Foto: Arve Solbakken
No treng du ikkje lenger bli svar skuldig om du står med utsikta over øygarden og turfølgjet ditt lurer på kor Skorpa er.
Tysdag avduka folkehelsekoordinator Elisabeth Solheim i Flora kommune og Siv Merete Stadheim i Flora turlag ei ny informasjonstavle på utkikspunktet vestover på Storåsen i Florø. Med denne på plass slepp du å dra fram smarttelefonen, bruke og google opp namna frå kartet. Mobilen kan lett parkerast heime.
– Når du er ute på tur – opplever ofte at folk kjem og spør kva den og den toppen eller øya heiter. Det kjennest ok ut å kunne svare på det. Eg trur at eit slikt skilt vil kunne trigge folk til å komme seg meir ut på tur i nærområdet, seier folkehelsekoordinator Elisabeth Solheim.
– Det er fint å nyte utsikta og kunne fortelje litt om kvar plass du ser. Eg trur denne skiltinga er med å betre opplevinga av turen, understrekar turlagsleiar Siv Merete Stadheim.
Det er hjørnesteinsverksemda Ewos som har spandert dei naudsynte midlane. Dei har sett av pengar til helsebringande tiltak i nærområdet. Skiltet er laga i samarbeid mellom Frode Ryland i Origod og reklamebyrået A til Å.
– Vi har faktisk teke oss tid til å reise rundt med båtførarane i Florabassenget for å sikre oss rett plassering av namna, fortel leiar Malvin Horne i A til Å.
Neste prosjekt er å få plassert eit liknande skilt på Brandsøyåsen, der det er utsikt mot dei indre bygdelaga og Flora-øyane i aust, sør og vest. Ein ser også Tvibyrgje, Alden og Bulandet og Solund i det fjerne.
Kommentarer til denne saken