Jonny Sæterbø har ein solid CV innan kjøp, sal og eksport av laks og aure.
– Eg jobba hos Harald Skaar og Skaarfish frå 1994-1998. Deretter jobba eg i Pan Fish-systemet i Ålesund ei tid. Frå 2004 til 2011 jobba eg for Seaborn i Bergen, der Steinvik Fiskefarm og Alex Vassbotten er største aksjonær. Etter det har jobba i mitt eige selskap i Bergen; Front Marine, fortel han.
Selskapet hadde opphavleg fire eigarar og Sæterbø har no kjøpt ut dei andre.
– Eg har budd i Florø og pendla til Bergen nokre år. Det fekk eg nok av og no med full råderett i selskapet, valde eg å flytte det hit. Kona mi er frå Florø og dessutan likar eg meg godt i havbruksmiljøet her i byen. Eg kjenner fleire av veteranane frå Skaarfish-tida. Det er eit veldig godt miljø her. Vi møtest av og til og diskuterer det som rører seg i marknaden både innanlands og i utlandet.
Sæterbø har flytta inn i lokale på Horne Brygge og driv Front Marine på eigen hand med kona i halv stilling i tillegg. Dei handterer alt frå innkjøp, sal og logistikk.
– Fordelen med å vere ein liten aktør ligg i fleksibiliteten og å kunne operere i nisjer i marknaden. Eg kan snu meg fort rundt når prisane svingar kjapt opp eller ned. På innkjøpssida har eg nokre leverandørar som eg har hatt eit godt forhold til i mange år. Det er ein viktig basis. Uansett må du alltid vere konkurransedyktig både på pris til oppdrettar og til kunde, forklarer han.

Selde laks for 3,4 milliardar ut frå Florø

"Lille-Florø" til verdas største sjømatmesse