2, 5 millionar kroner blei det for dei 191 makrellstørjene som vart levert ved Pelagia Florø.

– Dårleg, seier skipper Tore Hillersøy til Fiskeribladet Fiskaren.

Les også: Fagre ord og lite konkret om framtida til Pelagia,
 
– Katastrofe om dei legg ned

Det store kvantumet kom uventa på kjøparane og fisken blei til slutt betalt med ein snittpris på 63,29 kroner.

– Japan svikta. Det gjekk for fort og vi fekk for dårleg pris, understrekar skipperen.

Ei av utfordringane var at det blei ein fraktpris på 60-70 kroner kiloen til Japan.

Hillersøy meiner at ein i staden burde hatt is i magen og selt fisken til den innanlandske sushi-marknaden.

Kvaliteten på fisken var god nok. Hillersøy fekk 2,5 millionar for størjene, men har hatt 1,2 millionar kroner i kostnader.