På plassen framfor Amfi er oppbygginga av tivoli i full gang, eit fast tilbod som er særleg viktig i samband med Sildebordet fredag.

Men etter å ha levd i ein sommardraum vêrmessig, må vi no belage oss på å lande i den vestlandske normalsommaren. Ein kjem ikkje utanom nokre regnbyger i vestlandsk sommar.

Norske Meteoroligisk institutt varslar dei første regnbygene på torsdag og "bikkjekalde" temperaturar ned mot ti plussgrader. Meteorologane trur det blir nokre regnbyger heile helga, medan det er meldt lettare vêr over helga.

Fram med islendar og sydvest- Himmel og Hav-festivalen er her med Sildebord, Kinnaspel, Laksens Dag, konsertar og uteliv.