Det er Himmel og Hav stemning i Kystbyen, men sjølv om dette har vore ein kime til fest og moro, verkar det som fag og bransjerelaterte problemstillingar har vore ei mangelvare. Fagseminaret «Laksens fredag"på Quality som er oppstarten til Laksens dag på laurdag, hadde heile 130 påmelde. Her var folk frå oppdrettsnæringa klare til å møte folk i bransjen og finne møtepunkt. Haavesalen var full til randa, og berre nokre kom seinare grunna av innstilte fly.

– Eg kan vel seie at dette gjer vi også neste år, seier Ingrid Kassen som er Administrerande direktør i lakseeksportørselskapet Norwell. Dei er arrangør saman med konkurrenten Bravo Seafood.

Med sterke føredragshaldarar har interessa ikkje latt vente på seg og allereie i debuten var møtelokalet på bryggehotellet sprengt.

Oppgraderte

– Vi fann ut i pausen at vi måtte kunne oppgradere frå popkorn til wienerbrød ut frå interessa, kom det smilande frå dagleg leiar Karl Petter Myklebust i Bravo.

På Florø stadion står det "Laks er viktig for Florø", det kan vel seiast å vere ein "understatement"

Ola Teigen, ordførar

 

Martin Skaug er kommunikasjonsrådgjevar i Norges Sjømatråd. Han var på plass for å fortelje om korleis det norske produktet laksen står seg i den globale marknaden. Laksen vi fôrar opp i fjordane våre blir sterkt påverka av kva matrettar som er trendy i Asia. Er det sashimi eller sushi som er i vinden enno, eller er det poke-salat som alle skal ha? Korleis står den norske merkevara seg mot alternativ ute i verda? Dette er spørsmål som opptek Norges Sjømatråd. I dag er norsk laks sett på som ei kvalitetsvare og toler relativt høg prising. Å utvide kjøpegruppa til middelklassen betyr at lakseprisen må ned, og denne balansegangen gjer bransjen år for år.

Og kor skal bransjen? Kor er veksten og kva regime skal ein legge seg på for å redusere sjukdom og sikre berekraft?

Her fekk dei 135 i salen ein frisk oppvekkar frå Erlend Vassbotten.

Oppfriskar

28-åringen Erlend Vassbotten presenterte eit fyrverkeri av eit blikk i i framtida. Han skipa YoungFish i 2014 saman med ein drammensar. Ideen var å skape ein fagleg og sosial arena for dei unge i sjømatnæringa. Det var fulltreff. I dag fire år seinare er det 1700 medlemmer i nettverksorganisasjonen som med ungt initiativ har olboga seg inn og utfordra alle etablerte sanningar i næringa som stadig fleire av oss skal leve av i framtida.

Som han sjølv seier har han diagnosen arveleg belasta 3.-generasjons oppdrettar. Vassbotten måtte frå oppveksten av forholde seg til forventninga om at han skulle inn i familiebedrifta. Men slik automatikk var ikkje Vassbotten den tredje noko interesserte i. Han utdanna seg først innan økonomi, men fann etter kvart ut at havbruksdrift var ein veg han på eige initiativ ville gå. I dag jobbar han derimot ikkje for familiebedrifta, men er biologisk controller i Lerøy og bur i Bergen.     

Gjennom etableringa av YoungFish kopla han yngre som gjerne har nye tankar, noko vi tydeleg fekk presentert frå unge Vassbotten, til stor applaus i salen.

«Laks er viktig for Florø»

Floraordførar Ola Teigen var på plass og peikar på oppdrettsnæringa som svært viktig for Flora.

– Som det står på Florø stadion «Laks er viktig for Florø», men det er ein understatement, seier Teigen.

Han peikar på ei nærast gjeldsfri næring som verkar etter investeringar og innovasjon.

– Denne næringa sikrar arbeidsplassar og inntekter, men det er også ein innovativ bransje og vi må vere med på og legge til rette for den nyskapinga og veksten næringa står for, poengterte Teigen.

Senioranalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets er Norges beste aksjeanalytikar på sjømat. Han starta sitt foredrag med konklusjonen.

"Vil laksefesten fortsette?"

– Ja, festen kjem til å vare, konkluderte Giskeødegård.

Det skulle vel vere ein perfekt inngang i Himmel og Hav-helga i Florø.