Sentral panoramaidyll ferdig i januar

Hatlesetnipa til høgre og Uførefjellet, Florølandet med øyane Reksta, Skorpa og Batalden sett frå aust. Fløgen, toppen der Dagsturhytta no skal plasserast her merkert med "X". Toppen ligg på 468 meter over havet. ca 170 meter høgre enn Brandsøyåsen i vest.

Hatlesetnipa til høgre og Uførefjellet, Florølandet med øyane Reksta, Skorpa og Batalden sett frå aust. Fløgen, toppen der Dagsturhytta no skal plasserast her merkert med "X". Toppen ligg på 468 meter over havet. ca 170 meter høgre enn Brandsøyåsen i vest. Foto:

Dette er truleg den plassen der du ser mest av Flora kommune.

DEL

Dagsturhyttene som Sparebankstiftinga skal utstyre alle kommunane i fylket med i år, blir plassert i Flora kommune no i januar.

Sjølv om lesarane skal ha eit lokalpatriotisk filter her, så vil vi påstå at utsikta dagsturhytta får i Flora kommune, er heilt spektakulær. På folkemunne blir toppen kalla «Fløen», men Fløgen har vi no funne fram til i dei kommunale karta, og ved lesarhjelp på Firdaposten si Facebook-side, at er rette skrivemåten på toppen. Denne ligg vest for Hatlesetnipa og du når den ved å gå vegen til Hatlesetnipa ifrå Grov. Toppen ligg på 468 meter over havet. 170 meter høgre enn Brandsøyåsen rett i vest.

Auka trafikk

Med dagsturhytta på plass vil ein kunne vente seg at utfarten til turfolk vil auke. Og potensialet er stort. 50.000 er på toppen av Brandsøyåsen kvart år. Med eit litt høgre utfartsmål berre gjennom Sundefjellstunnelen, der ein også er godt over halvvegs til Hatlesetnipa, vil ein tru at Fløgen no vil bli eit ynda turmål for fleire.

Det er fylkeskommunen som styrer prosjektet, og Reknes Byggevarer leverer hyttene. Desse er frakta ut med båt. Flora-hytta står no på Tonheimstranda og ventar på helikopter.

Eg går litt tom for superlativer her merker eg, men eg kan seie at utsikta frå Fløgen er spektakulær.

Anders Espeset, plansjef i Flora kommune og turleiar i Flora Turlag

– Søndag skal turlagskarane Martin Hauge og Rune Bortne fly opp utstyr og material til fundamentet. Onsdag skal fundamentet til hytta monterast. Etter planen skal hytta fraktast opp tysdag 23. januar, seier plansjef i Flora kommune Anders Espeset.

Han fortel av erfaring at slike datoar må ein ta med ei klype sagt då vêret brukar å ha sitt å seie skal ein fly helikopter, men meldingane er fine.    

Sparebankstiftinga finansierer og fylkeskommunen styrer prosjektet. Dagsturhyttene er allereie produsert av Reknes Byggjevarer og eit arbeidslag reiser no rundt og monterer dei. 

FLØGEN: Plansjef i Flora kommune, Anders Espeset har fått hjelp av Jan Arve Solheim og Ruth Solheim med å finne den riktige forankringa til den nye dagsturhytta på Fløgen. Foto: Ola Teigen

FLØGEN: Plansjef i Flora kommune, Anders Espeset har fått hjelp av Jan Arve Solheim og Ruth Solheim med å finne den riktige forankringa til den nye dagsturhytta på Fløgen. Foto: Ola Teigen

– Spektakulær

Espeset som sjølv er turleiar fortel han blir litt tom for superlativ når han snakkar om utsikta til denne hytta.

– Det er veldig sentral plassering med ei spektakulær 360 graders panoramautsikt.

– Trur du denne hytta vil bety større utfart?

– Ja det trur eg. Kanskje det er ei tryggleik for folk at det er høve til å komme under tak. Eg trur uansett hytta blir ein attraksjon i seg sjølv. Ein møteplass. Det blir garantert fleire turfolk opp i dette området no. Det betyr i neste omgang meir jobb for oss, der vi på sikt sikkert må følge opp med å utbetre turstiane, seier Espeset.

Då han leier turstiprosjektet i Brandsøyåsen veit han kor krevjande det kan vere. Men uansett vil det arbeidet vere lengre fram i tid. Håpet er at Sparebankstiftinga vil vere med på finansieringa av ei slik utbetring når den tid kjem.

– Ja har dei sagt A så håpar eg at dei seier B også, kjem det frå Espeset. Det skal seiast at halvparten av vegen er på fine traktorvegar. Utfordringa er den bratte stigninga rett under toppen, men her ser ikkje Espeset bort frå at dei kan legge om stien slik at ein reduserer stigninga.   

Om alt går etter planen vil dagsturhytta kunne besøkast før OL-elden i Pyeonchang blir tent.  

Artikkeltags