Drømmestipend til Elise (13)

Elise Eikefjord Hatlem (13)

Elise Eikefjord Hatlem (13) Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Elise Eikefjord Hatlem er den tredje mottakaren av Drømmestipendet som kjem frå Flora kommunale kulturskule.

DEL

Sist det skjedde var i 2009, då pianisten Andreas Taklo fekk det. Året etter var det rockebandet Punch.

Rektor Arne Sunnarvik gler seg stort over storhendinga.

- Veldig kjekt at kunstfeltet no blir sett pris på. Elise er eit verkeleg kjempetalent, seier han.

Styreleiar i Norsk Kulturskuleråd, Nils R. Sandal, tok turen til Florø for å dele ut stipendet.

- Å få Drømmestipendet er veldig stort og eg er veldig glad og stolt. Det gir motivasjon og inspirasjon til å fortsette med kunst, seier Elise.

 Ho vil derfor takke Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping for stipendet, og Flora kulturskule,med kunstlærer Georgeta Onorfrei for all hjelp. Stipendet skal ho bruke på kunstutstyr og på kunstneriske opplevelsar.

Det er 14. gongen at Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd samarbeider om å dele ut ein million kroner til talentfull ungdom i 100 kommunar over heile landet.

Stipendmottakarar er barn og ungdom mellom 13 og 20 år, som utøver ulike kulturelle uttrykk. Målet med både nominasjon og stipend er å inspirere til vidare arbeid og at mottakarane kan få oppfylt ein kulturdraum. Kvar kommune kan nominere seks kandidatar kvar.

Sidan starten av ordninga har 1400 barn og unge i landet fått denne utmerkinga som lyder på 10.000 kroner.

Ordførar Ola Teigen, styreleiar Nils R. Sandal i Norsk Kulturskoleråd, Elise Eikefjord Hatlem, lærar Georgeta Onofrei og kulturskulerektor Arne Sunnarvik.

Ordførar Ola Teigen, styreleiar Nils R. Sandal i Norsk Kulturskoleråd, Elise Eikefjord Hatlem, lærar Georgeta Onofrei og kulturskulerektor Arne Sunnarvik. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken