Stiller jobb-krav med forbundet i ryggen

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Med IndustriEnergi i ryggen stiller dei fagorganiserte i Saga Fjordbase krav om å få halde fram i basejobbane.

DEL

Hovudtillitsvald Lars Terje Standal for dei tilsette i Saga Fjordbase, har denne veka vore i Stavanger for drøfte vegen vidare for dei som no misser jobbane sine som eit resultat av at NorSea Group har vunne to basekontraktar for Statoil ved Fjord Base i Florø.

- Forbundet har sendt brev til leiinga i Saga Fjordbase og til den nye kontraktøren NorSea Group i dag om verksemdoverdraging. Vi hadde sjølvsagt eit håp om Saga Fjordbase kunne bli underleverandør for kontaktane som Vestbase no skal utføre, men det ser ikkje ut til å gå den vegen, seier Standal, som er glad for å ha IndustriEnergi  i ryggen i den vidare prosessen.

- Vi vil måndag ha eit møte med leiinga i Saga Fjordbase for å finne ut kven av arbeidstakarane som tilhøyrer aktiviteten som gjeld kontraktene på Warehouse og OCTG (lager og røyrhandtering red.anm ).

LES OGSÅ: 12 faste transportjobbar kan ryke

Driftsmodell i Florø ikkje avgjort 

- For dårlege på omstilling

- For dårlege på omstilling Må ta ein runde på kammerset

- No kjem den tøffaste tida 

- Er det ikkje tankevekkande at NorSea Group har gitt jobben til hovudkonkurrenten Vestbase, som tydeleg har flagga ein ambisjon å bli hovudbase for røyrhandtering i Norge?

- Ja, det er klart at det er ein del av konkurransebildet.

- Det kan sjå ut til at Statoil har valt NorSea Group som kontraktør på ni basar i Norge for å la dei gjere «ryddejobben» med basestrukturen ?

- Kontraktene i Florø går i seks år + eventuell forlenging, så vi har ein viss tryggleik i det.

LES OGSÅ.

Over hundre misser jobben

– Florø er oljeby i 30–40 år til 

Artikkeltags