Stadig mindre bruk av legemidlar mot lakselus

STOR JOBB MED LAKSELUS: Her ser vi Torbjørn Lysne, veterinær frå Mattilsynet- inspisere E. Karstensen Fiskeoppdrett. Eigarane Geir og Nils Tore Karstensen assisterer under luseteljinga. Foto: David Bowen

STOR JOBB MED LAKSELUS: Her ser vi Torbjørn Lysne, veterinær frå Mattilsynet- inspisere E. Karstensen Fiskeoppdrett. Eigarane Geir og Nils Tore Karstensen assisterer under luseteljinga. Foto: David Bowen

Artikkelen er over 1 år gammel

Tala si tale tyder på at bruken av legemidlar i sjøanlegga for å drepe lakselus går nedover.

DEL

Legemiddel er ein viktig reiskap dersom laksen blir sjuk eller treng ekstra hjelp mot lus. Som i landbruket og i hagestell er det også viktig i havbruk å nytte minst mogleg midlar mot parasittar.

 - Derfor er det positivt at det også i 2017 var nedgang i bruken, seier direktør Henrik Stenwig i Sjømat Norge.

Legemidla blir gitt anten gjennom tilsetting i fôr eller ved dosering i vatn som eit bademiddel. Mellombelse tal frå legemiddel- og fôrleverandørane viser stor reduksjon. Nedgangen er endå større enn året før, og varierte frå 31 til 93 prosent reduksjon. Også bruken av stoff stoppar skalskifte hos lusa er kraftig redusert. 

Næringa brukar også laser for å drepe lakselus.

Næringa brukar også laser for å drepe lakselus. Foto:



Bruken av eit kjemikalium som hydrogenperoksid (H2O2) gjekk ned med 38 prosent i 2016 og ytterlegare 65 prosent reduksjon i 2017. Målt i mengde verkestoff er framleis hydrogenperoksid det mest brukte middelet mot lakselus. I fjor blei det brukt 9.277 tonn, mot 26.597 tonn året før. Hydrogenperoksid krev store volumer for kvar badebehandling. Ved bruk blir stoffet brote ned til vatn og oksygen. Hydrogenperoksid er også eit vanleg desinfeksjonsmiddel i landbruket, hushaldningar, sjukehus, industrien og til vassensing. I havbruk brukast hydrogenperoksid mot lus og mot gjellesykdommen AGD.

Lakselus er ein organisme som finst naturleg i havet og som ein aldri blir kvitt, men som må kontrollerast i laksemerdane. Derfor er det viktig at næringa ved sidan av førebygging og medisinfrie metodar framleis har effektive legemiddel i beredskap.

Artikkeltags