Fanøy-pasient måtte i helikopter, igjen - heilikopteret kunne ikkje lande, denne gongen heller

MANGLAR HELI-LANDING: Ullent terreng gjer til at det er vanskeleg å lande med helikopter på Fanøy. No ønskjer kommunen å bygge landingsplass på neset til høgre i bildet. Men ingenting er avklart enno.

MANGLAR HELI-LANDING: Ullent terreng gjer til at det er vanskeleg å lande med helikopter på Fanøy. No ønskjer kommunen å bygge landingsplass på neset til høgre i bildet. Men ingenting er avklart enno. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Fredag vart ein mann på Fanøya kritisk sjuk og legen kravde at pasienten måtte hentast i helikopter. Redningshelikopteret var kort tid etter over Fanøy utan å finne eigna landingsplass. Redningsmann vart fira ned, utan å lukkast å få pasienten om bord i helikopteret. Etter ein halv time vart det treft avgjerd av at pasienten måtte fraktast i båt til næraste helikopterlandingsplass. Den ligg i Florø.

Dette er eit av mange tilfelle der liv og helse til innbyggarane i øysamfunnet står på spel på grunn av at det ikkje er avklart kor helikopterlandingsplassen i Fanøy skal ligge.

11. juli i 2016 fekk ein fritidsdykkar akutt sjuk på Fanøy. Vakthavande lege rykte ut med ambulansebåt, og det blei raskt slått fast at dykkaren måtte til Bergen for trykktankbehandling. Men då luftambulansen kom til Fanøy, var det smått med landingsplassar. Til slutt fekk piloten lirka helikopteret ned på ein smal asfaltveg, omgitt av potensielt farlege straumstolpar på begge sider, på motsett side av øya. Dit måtte dykkaren fraktast med ein varebil.

Forverra situasjon

På staden der legevakthelikopteret lirka seg ned på sommaren i fjor, er det no komme opp ei ny sjøbu. Så alternativa for helikopterpilotane har faktisk blitt dårlegare sidan førre gong.

For dei fleste øyane i Flora kommune er det høve for helikopter å finne eit jorde der det er høve å sette ned eit ambulansehelikopter. Slik er det ikkje på Fanøya. Dette er eit av dei mest folketette området i øyane i Flora. Der bur i dag omlag 80 fastbuande, men på sommarstid blir innbyggartalet meir enn tredobla.    

Ronny Cassells har ein fritidseigedom i Fanøya. Han fekk også sjå med eigne auge at redningshelikopteret kom til Fanøya med uforretta sak fredag.

– Som vaktlege er eg uroa. Det er krevjande å stå i situasjonar der eg veit at tida står på spel. Spesielt dei gongane det handlar om liv og død. Eg ser at vi ikkje kan forvente at helikopterpersonellet skal gå på akkord med eigen tryggleik, vedgår Cassells men strekar under at det er på høg tid at kommunen treff tiltak som gjer at dei som bur ute i distriktet skal kjenne seg trygge. 

På staden kvil

Tidleg på hausten i fjor var ordførar og rådmann på synfaring i Fanøya for å finne ei løysing på problemet. Fire gongar etter dette har øysamfunnet hatt behov for helikopter for å hente ut sjuke folk, men berre to av dei har helikopteret klart å få med seg pasienten.

Teigen fortel at det er viktig at Fanøya no får eigna og trygg landingsplass for helikopter. Difor tok Flora kommune initiativ saman med grendelaget i fjor for å finne ein fast landingsplass for helikopter. Fleire alternativ skal ha komme på bordet. Det som blir vist til som den beste staden er på Fimlandsneset. Her er det mindre behov for infrastruktur, og det er ikkje kraftlinjer som står i vegen for ei landing. Skal det byggast helikopterlandingsplass her må området oreignast av Flora kommune.

Teigen seier ei medverkande årsak til at landingsplassen ikkje er på plass er at grunneigarar i området ikkje er villige til å gi frå seg tomteland i eit fornuftig kostnadsbilde.

Florarådmann Terje Heggheim fortel at helikopterlandingsplassen ligg inne i budsjettet og at kommunen no jobbar med å finne ein eigna plass og at det er ein som peikar seg ut som spesielt godt eigna.

– Vi er i dialog og håper å komme til semje med grunneigar om å kjøpe området til formålet.

– Kva om grunneigaren ikkje vil selje?

– Ja då vil måtte bruke oreigningsinstituttet, men eg vil presisere at det er langt frame, svarar Heggheim. (Oreigning eller ekspropriasjon er når styresmaktene tek over privat eigedom til offentlege formål med lova i hand, mot full erstatning.)   

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken