Osstrupen bru delvis stengt denne veka

Arbeid for å rette opp Osstrupen bru.

Arbeid for å rette opp Osstrupen bru. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Denne veka blir brua stengt store delar av dagen.

DEL

Entreprenør NCC på Osstrupen bru, melder at brua blir stengt denne veka på dei tidspunkta som Statens vegvesen tidlegare har annonsert.

– At det er stengt denne veka på grunn av forseinkingar er feil, det har alltid vore planen å halde stengt denne veka. Men det skulle også ha vore stengt dei føregåande to vekene. Dei stengingane blei ikkje benytta, dette på grunn av forseinkingar, fortel byggeleiar Sjur Leivdal.

I perdioden 16. - 22. jul er brua stengd i desse tidene:

  • 08.00 - 11.00
  • 12.00 - 15.00

Skiltinga ved brua vert dekt over når brua ikkje er stengd.

Statens vegvesen beklagar ulempene dette vil medføre.

Jobben med å gje Osstrupen bru, mellom Eikefjord og Stavang, søraust for Florø, ein nødvendig oppstrammar-  har vore ute på anbod. Brua har vore i teneste i 40 år, men no er det på tide med litt modernisering. Brua vart i si tid bygd med overhøgde for å kompensere for berekna nedbøying, men nedbøyinga stoppa aldri. Den har no eit synleg søkk i skøyten midt ute på brua. Brua må difor forsterkast, og i tillegg løftast noko på midten.

Ifølge Statens vegvesen er det eit heilt unikt prosjekt, der det skal nyttast ein metode dei aldri har brukt tidlegare. Oppstramminga og forsterkinga av brua vil bli gjort ved å spenne opp to røyr inne i brukassa som skal jekkast frå kvar ende.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken