Stad har kommunevåpenet klart

Kommunevåpenet i Stad kommune.

Kommunevåpenet i Stad kommune. Foto:

St. Sunniva i Selje kombinert med fjordhest, skal symbolisere samspelet i den nye kommunen.

DEL

Eid kommunestyre gjorde 9. mai eit samrøystes vedtak om St. Sunniva og fjordhesten som motiv for Stad kommune sitt kommunevåpen. 15. mai var saka oppe i Selje kommunestyre, som gjorde tilsvarande samrøystes vedtak.

Dermed er det nye kommunevåpenet for Stad kommune formelt godkjent og vil no bli sendt inn og registrert i Arkivverket.

- Vi vil takke alle som har engasjert seg på vegen fram mot å velje kommunevåpen for nye Stad kommune, og er glade for at vi no har vald eit flott, samlande motiv som har brei oppslutnad blant folk flest. Med dette tek vi med oss viktige historiske tradisjonar inn i den nye kommunen og knyter fortid og framtid saman, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo. Foto:

Bakgrunn er :

Eid, Selje og Bryggja krins i Vågsøy slår seg saman til nye Stad kommune frå 1.1.2020. Nordfjordeid blir kommunesenter i den nye kommunen, som får ca 9.500 innbyggjarar.

Dei to alternative motiva St. Sunniva/Fjordhest og båt, begge utarbeidd av designbyrået BYRR, var i perioden 15.-31. mars ute på ei rådgjevande høyring på nettet. Av 2797 røyster ønska 2369 motivet med St. Sunniva og Fjordhest som kommunevåpen for Stad kommune. Ut frå dette valde fellesnemnda for Eid og Selje å tilrå St. Sunniva/Fjordhest til dei to kommunestyra, ei tilråding begge kommunestyra no har slutta seg til.

Nytt regelverk om kommunevåpen trådde i kraft 1. januar 2018. Regelverket inneberer at den statlege godkjenningsordninga for kommunale og fylkeskommunale flagg og våpen er oppheva og at det er kommunestyret som har den eksklusive kompetansen til å vedta flagg og våpen.

Artikkeltags