Fiskarlaget ber om opprydding i reformrot

Henriette Skaar, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Henriette Skaar, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Foto:

– Fiskarlaget aksepterer ikkje at staten vil tildele pengar til fiskerihamner som frie midlar til dei nye regionane. Pengane må vere øyremerkte.

DEL

Det understrekar dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Ho undrar seg over at ingen har oppdaga kva som er i ferd med skje og og at fiskerihamner ser ut til ende som ein salderingspost i budsjetta til regionane.

I 2020 skal dei nye regionane overta administrering av ordninga med statlege fiskerihamner frå Kystverket. Samstundes blir ordninga underlagt Kommunal- og arbeidsdepartementet og ikkje lenger noko fagdepartement for fiskeri.

Frå 1. januar 2018 blei all planlegging av fiskerihamnprosjekt stoppa, medan Samferdsledepartementet mellombels har fått mynde til å kunne forskottere midlar til prosjekt som er del av Nasjonal Transportplan (NTP)  2018-2029.

– Dette vitnar om manglande kunnskap om kommuneøkonomi. Det er eit mangelfullt tiltak for å få realisere viktige fiskerihamnprosjekt som har signert gjennomføringsavtale med Kystverket og som er teke inn i NTP. Vi har fått signal om at fylkeskommunane ikkje vil tre inn i signerte gjennomføringsavtalar. Då vil regionreforma fungere som ein hemsko for fiskerihamnprosjekta.

Sogn og Fjordane Fiskarlag kan ikkje akseptere at statlege løyvingar ikkje blir øyremerkte til nyinvesteringar, drift og oppgradering av fiskerihamner.

- Det må stillast krav til klare retningsliner for handsaming av søknadene, for å unngå at praksisen blir endra i takt med skiftande politiske samansetjingar i regionane.

Stadt Skipstunnel skal konsekvensutgreiast for n'te gong. Kvifor er det ingen som har vurdert konsekvensane av denne omlegginga?

Henriette Skaar

Skaar viser til at hamner som fiskarlaget har meldt inn som næringsaktive no blir lagt ut for sal i den opne marknaden. 

– Kystverket tek berre omsyn til Fiskeridirektoratet sine vurderingar. Det inneber at den faktiske bruk som fiskarane har meldt inn ikkje blir teke omsyn til, med mindre Fiskeridirektoratet meiner det same.   

Skaar trur at den prosessen som no går føre seg vil føre til at den ressursrike oppdrettsnæringa kjem til å kjøpe opp moloar og hamneanlegg på billegsal langs norskekysten. Kommunane sjølve har vist liten evne eller interesse for å kjøpe dei lokale fiskerihamnene frå Kystverket. 

Firdaposten har bedt om svar og uttale frå Kommunaldepartementet på saka.

Slik ser planane for det enno ikkje fullførte fiskerihamn-prosjektet i Kalvåg ut.

Slik ser planane for det enno ikkje fullførte fiskerihamn-prosjektet i Kalvåg ut. Foto:

Artikkeltags