I jula fekk danskane betalt for å bruke straum

Folk i arbeid på kraftlinjer.

Folk i arbeid på kraftlinjer. Foto:

Men i Norge er straumpris stabilt høg.

DEL

Grunna mykje vind og ein julestengt industri, fekk danskane overproduksjon av vindkraft i siste veka i desember. Kundar med spotprisavtale kunne ein kort periode nyte godt av ein negativ straumpris. Dette melder Aftenposten.

Det er stor interesse for meir vindkraftutbygging i Danmark og straumprisen har i vore nede på 37 øre/kWh.

Men norske straumkundar har ikkje kunne nyte godt av låg straumpris i våre naboland og vi har no dei dyraste vinterprisane sidan 2011. Sjølv om haustregnet har fylt opp vassmagasina, har prisen vore stabilt høg på kraftbørsen Nord Pool. Hovudårsaka er at EU har tredobla prisane på CO2-kvotar, melder E24.

Artikkeltags