Færre innvandrarar gir folketalsnedgang

Suksess: Asylmottaket i Florø har blitt ein suksess. No vil dei ha eit kompetansesenter for å eksportere suksessen ut til andre kommunar i Norge. Her under ein pause på innvandrarsenteret.

Suksess: Asylmottaket i Florø har blitt ein suksess. No vil dei ha eit kompetansesenter for å eksportere suksessen ut til andre kommunar i Norge. Her under ein pause på innvandrarsenteret. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I andre kvartal gjekk folketalet ned i Sogn og Fjordane for første gong på to år.

DEL

Sogn og FjordaneVed utgangen av juni 2017 var folketalet i Sogn og Fjordane 110 334 personar. Det er ni færre enn ved utgangen av førre kvartal.  Det er fyrste gongen på to år at utviklinga ikkje er positiv i andre kvartal. Det går fram av Fylkesspegelen.

Kommunevis er trenden at utkantkommunane mister flest innbyggarar, medan kommunane med større tettstader i fylket framleis har vekst i folketal. Unntaket i dette kvartalet er Sogndal som har minus 26. Sjå tala.

Det er hovudsakleg to årsaker til at folkeveksten har stagnert. Den fyrste årsaken er at utflyttinga frå Sogn og Fjordane til andre delar av landet var høgare i andre kvartal 2017 enn på mange år.

Den andre viktige årsaka er at nettoinnvandringa var lågare enn i 2015 og 2016. I andre kvartal 2017 var nettoinnvandringa 196 personar, mot 279 personar i 2015 og 356 i 2016.

Fødselsoverskotet er derimot betre enn på fire år. Talet på fødde er om lag som før, medan talet på døde er noko mindre enn i dei føregåande åra.

Sidan oljeprisen fall hausten 2014 har Sogn og Fjordane hatt betre netto flyttetal enn tidlegare år. Dette har truleg samanheng med at arbeidsløysa var aukande i dei andre vestlandsfylka i denne perioden, medan Sogn og Fjordane gjekk klar av dette. Dei svake flyttetala for Sogn og Fjordane dette kvartalet kan tolkast som ein konsekvens av at den økonomiske utviklinga elles i landet no er betra.

Artikkeltags