KrF fekk inn 10 millionar ekstra til nærbutikkane

I regjeringsforhandlingane fekk KrF gjennomslag for ei ekstra løyving til Merkur-programmet.

DEL

Kristeleg Folkeparti, Høgre, Venstre og Frp går no inn for auke løyvinga til Merkur med 10 mill. kr i statsbudsjettet for 2019.

I regjeringas forslag til statsbudsjett var det foreslått ei løyving på 49,7 mill. kroner til Merkurs kompetanseprogram og støtteordningane som blir Merkur administrerer på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette var ein auke på 1,4 mill. kroner i forhold til budsjettet for 2018. Dette melder Merkur på sine nettsider.

No vil Merkur få ei ramme på heile 59,7 mill. kr i 2019, dersom Stortinget sluttar seg til forslaget frå KrF og regjeringa.

Kristeleg Folkeparti foreslo 10 mill. kr i ekstra løyving til Merkur også i fjor, og partiet fekk gjennomslag for dette i forhandlingane med regjeringa.

I løpet av to år har løyvingane til Merkur auka med nesten 20 millionar kroner. Det tilsvarer ein vekst på 50 prosent! Den kraftige veksten er eit vitnemål om at utviklingsprogrammet står sterkt i det politiske miljøet.

Merkur bidarar til å styrke den butikkfaglege kompetansen, etablere fleire tenester i butikkane, utvikle butikken som sosial arena og få til lokal samfunnsutvikling. Ekstra løyvingar gjer det mogleg å gi meir hjelp til utsette distriktsbutikkar, slik at dei kan overleve og utvikle betre tenester for dei som bur i lokalsamfunna.

Artikkeltags