Innfører totalforbod mot open eld

Lyngbrann på Bjørnset i 2016.

Lyngbrann på Bjørnset i 2016. Foto:

Brannsjefen innfører no forbod mot å gjere opp eld utandørs i kommunane Flora og Bremanger frå 12.april. Bakgrunnen er å hindre gras- og lyngbrann.

DEL

Som følgje av stor fare for gras- og lyngbrann innfører brannsjefen i Flora og Bremanger kommune totalforbod mot å gjere opp eld utandørs frå 12. april 2019.

Totalforbodet mot eld gjeld heilt til brannvesenet opphevar det. 

Forbodet medfører at det ikkje er lov til å brenne i skog eller i nærleiken av skog og utmark.
Det er heller ikkje lov til å grille eller brenne bål i strandsona. Hageavfall kan ein heller ikkje sette fyr på.

Forbodet inkluderer også bruk av eingangsgrill, eller anna utstyr som kan bidra til at vegetasjon tar fyr.

Unntak

Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

Unntaket gjeld for eksempel etablerte bålplassar, grilling på eigen veranda og andre stader som er heilt trygge.

Alle innbyggarar har ei generell plikt til å vise aktsemd for å unngå brann, det er derfor viktig at folk passar ekstra på når dei gjer opp eld utandørs, uavhengig av sesong eller forhold, og respekterer totalforbod, melder Flora kommune.

Uforsiktig omgang med eld, som til dømes bålbrenning og grilling, er den hyppigaste årsaka til skogbrann.

Artikkeltags