Regjeringa gir kraftkommunane marginalt billegare elkraft

Folk i arbeid på kraftlinjer.

Folk i arbeid på kraftlinjer. Foto:

Men prisreduksjonen på 0,21 øre/kWh gir marginal utteljing på inntektene til kommunane.

DEL

Prisen på konsesjonkraft blir redusert med 0,21 øre per kilowatt-time, men for ein stor kraftkommune som Bremanger betyr det berre 120.000 kroner meir på eit år dersom alle andre faktorar er uendra.

Konsesjonskraft

Eigarar av vasskraftverk har plikt til å levere ein del av krafta som blir produsert til kommunane som avstår naturressursar til formålet. Det er konsesjonskraft.

Konsesjonskrafta kan kommunane rå over etter eige skjønn og den kan seljast vidare i kraftmarknaden via selskapet Kommunekraft.

Når det gjeld regjeringa si regulering på konsesjonskraft-prisen no rett før jul, så får den isolert sett ikkje noko stort utslag for kommuneøkonomien:

- Det utgjer kring 120.000 kroner, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger til Firdaposten.

Marknadspris avgjerande

Inntekta frå konsesjonskraft er differansen mellom marknadsprisen og prisen på konsesjonskraft med tillegg av innmatingsavgift.

– Mange distriktskommunar og fleire fylkeskommunar nyt godt av konsesjonskraftordninga. Systemprisen hittil i år har i gjennomsnitt vore rundt 42 øre/kWh, som er langt over årets konsesjonskraftpris på 11,20 øre/kWh. Kvartalsprisane for leveransar i 2019 ligger no i gjennomsnitt i størrelsesorden 46 øre/kWh, basert på markedsinformasjon fra Nasdaq OMX. Med ein konsesjonskraftpris på 10,99 øre/kWh, vil ordninga gje vesentlige inntekter til kraftutbyggingskommunene og fleire fylkeskommunar neste år, skriv Olje og energidepartementet i ei pressemelding rett før jul.

Konsesjonskraftprisen for 2019 er fastsett til 10,99 øre per kilowattime (kWh). Dette er en reduksjon frå prisen for 2018, som er 11,20 øre/kWh. Prisen gjeld for heile leveringsåret 2019.

57 GWh i Bremanger

For ein stor kraftkommune som Bremanger er konsesjonskraftmengda kring 57 GWh og har sidan 2017 vore seld på kortsiktige kontraktar (1 år). Det vart på ettersommaren 2018 inngått kontrakt for 2019.

– Denne vil gje kommunen ei meirinntekt i 2019. På grunn av større integrasjon med den europeiske kraftmarknaden forventar vi gode marknadsprisar i fleire år framover, skriv rådmann Tom Joensen i framlegget til budsjett og økonomiplan.

Auka inntekt på dette området kjem då av auka marknadsprisar og ikkje av regjeringa si marginale justering av konsesjonskraftprisen.

Samstundes gjer den negative folketalsutviklinga i Bremanger at rammetilskota til kommunal drift frå staten vert reduserte med kring 2-3 millionar per år.


Artikkeltags