En tredel av avstemmingane var udemokratiske

Ordførar Ola Teigen og Venstre sin Jan Arve Midtbø.

Ordførar Ola Teigen og Venstre sin Jan Arve Midtbø. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Institutt for samfunnsforsking slår fast at i ein tredel av folkeavstemmingane kunne ikkje folk vite kva dei konkret stemde på.

DEL

Folkeavstemmingar i kommunereforma:  Forskarane viser at i mange av tilfella ser det ut til at politikarane berre var ute etter å sikre støtte til sitt eige førhandsbestemte syn og i fleire tilfelle var svaralternativa så uklare og upresise at folk ikkje kunne forstå kva dei stemde på. Dette melder NRK.

- Ein del folkeavstemmingar fungerte godt, men alt for mange av dei var ikkje i tråd med demokratiske standardar, seier forskar Jan Erling Klausen, forskar og førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Han viser til at det er heilt grunnleggande at veljarane må ha føresetnader til å setje seg inn i kva saka dreiar seg om, kva konkrete alternativ som eksisterer og kva som er konsekvensane av å velje dei.

I kommune-norge vart det gjort både innbyggarhøyringar og rådgjevande folkeavstemmingar.

I Flora kommune si folkeavstemming vart det stemt over

1) Om ein skulle gå inn i storkommune i Sunnfjord. 

2) Eller stå åleine.

Fleirtalet stemde på å stå åleine. Mange i Flora uttalte offentleg at dei hadde mest tru på ei samanslåing med Bremanger på sikt. I staden endar ein opp med konstellasjonen Kinn kommune, saman med Vågsøy som høgst sannsynleg mister store landareal til Stad kommune (Selje - Eid). Men om det er fleirtal blant folk til dette- det veit ein faktisk ikkje. Men fleirtalet av bystyrepolitikarane som folkets tillitspersonar har stemt for at dette er rette vegen å gå.    

Bremanger kommune var tidleg ute med eiga kartlegging i 2015, og arrangerte folkemøte i bygdene og involverte mellom anna skuleelevane.  Det var gjennomført ei innbyggarkartlegging i samarbeid med ei undersøking som Nordfjord-kommunane gjennomførte i august 2015- der 286 personar i kommunen svarte på spørsmål i ei telefonringerunde. 60 prosent var mot målsettingane til kommunereforma, 74 prosent svarte at dei ville halde kommunen slik som i dag. Flest (52 prosent) vil slå seg i saman med Flora - viss dei måtte velje.

Prosessen i Bremanger vart gjennomført før det utkrystalliserte seg klare alternativ i kommunereforma og det låg ikkje føre nokon konkrete alternativ. Fleirtalet av kommunestyrerepresentantane har stått fast på at vurderinga frå 2015 bør gjelde uansett korleis kommune- Norge rundt har endra seg.

I Vågsøy blei det arrangert ei folkeavstemming om eventuell samanslåing med Selje eller Eid. Fleirtalet i Vågsøy ville slå seg saman med Selje, men Selje ville ikkje bli underlagt Vågsøy. I staden enda ein opp med konstellasjonen Selje/Eid (Stad kommune) og politikarane i Vågsøy har manøvrert seg inn mot Flora. Om fleirtalet av folk Vågsøy ønsker dette- er det ingen som veit sikkert.  

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken