Mange unge frå bygdene vil ikkje heim

Artikkelen er over 1 år gammel

Ei meiningsmåling viser at svært mange unge heller vil bli i byane enn å reise heim.

DEL

Målinga er gjort for Sentio på oppdrag frå NRK Sogn og Fjordane.

Fire av ti ungdommar som bur utafor fylket, seier at det er svært eller noko usannsynleg at dei bur i heimfylket om fem år.

To av ti er høgst usikre, viser tala då stadfestar det ein også ser i røynda. Bygdene og småplassane i distrikta slit med å få nok ungdom til å etablere seg på plassen dei har vakse opp på.

Forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Center har studert mønstera.

- I utkanststrøk flyttar opp 80-prosent av årskulla ut. Då snakkar vi ikkje om dei som tek utdanning, men dei som registrerer flytting.

SSB estimerer folketalsveksten i landet på 700.000 menneske fram mot 2040. Men dei reknar med tilbakegang i folketal i 40 prosent av kommunane.

Artikkeltags