Oslo-delegasjonen måtte lande i Sogndal

HYLLA: Politikarane frå kystkommunane Flora, Bremanger og Vågsøy var berre vist på storskjerm då dei ikkje klarte å lande i Florø, men dei fekk applaus i FIN-medlemsmøtet likevel.

HYLLA: Politikarane frå kystkommunane Flora, Bremanger og Vågsøy var berre vist på storskjerm då dei ikkje klarte å lande i Florø, men dei fekk applaus i FIN-medlemsmøtet likevel. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Nådde ikkje fram til FIN-hyllest i Florø

DEL

Politikarane frå Flora, Bremanger og Vågsøy som møtte Sanner i kommunaldepartementet torsdag, nådde ikkje kysten på returen.

Grunna landingstilhøva i Florø, måtte flyet med kystpolitikarane lande i innlandet. Frå Haukåsen i Sogndal vart dei skyssa vestover i buss.

Venta på politikarane

Flora industri- og næringsforeining (FIN) hadde torsdag medlemsmøte på Quality Hotell i Florø. Planen var å få ein prat med politikarane før båten gjekk vidare nordover. Dei var alle oppdatert på utfallet i Oslo der kommunalminister Sanner fortalde han heia på Kystkommunen. For eit samla næringsliv som tydleg har signalisert at dei ønsker i kraftsamling i ein kystkommune, var svara frå ministeren oppløftande. Dette var eit grønt lys for dei tre kommunane å halde fram samarbeidet. 

Tima og tilrettelagt

Leiar i FIN, Bjørn Hollevik hadde tima og tilrettelagt møtet slik at næringslivet skulle få eit lite politisk møtepunkt i Florø, men då vêrforholda i Florø ikkje tillèt at flyet kunne lande, så vart det ikkje noko av. Men stemninga på FIN møtet vart ikkje dempa av den grunn.

Kalvåg-møtet, som samla næringslivet på kysten, gav eit viktig signal. Og dette stod også sentralt i argumentasjonen politikarane presenterte for Sanner torsdag. At industri og næring står tydeleg saman, er noko som klinger godt i øyrene på ein Høgre-statsråd.

Hollevik samanfatta utfallet av møtet i Kalvåg sist, og peika på alle fordelane ved det å bli ein større og sterkare kommune.

Ikkje nest best

– Eg var av dei som ønskte samanslåing innover mot Sunnfjord. Det skjedde ikkje. Det var 70 prosent av oss som ikkje ville og det var 70 prosent i dei andre kommunane som ikkje ville ha oss, og slike tvangsekteskap fører ikkje noko godt ved seg, kom det frå Hollevik. Han var også tydeleg på at ein Kystkommune ikkje er nest beste løysing, men ei svært god løysing. At det er større vilje, i alle fall i Vågsøy og Flora, er sentralt. Men næringsstyrken til ein slik kystkommune stod naturleg nok i sentrum i dette selskapet.

Kommunen vil ha ei av dei største hamnene i landet. På verftssida vil ein slik kystkommune vere ein tungvektar. Når det gjeld havrommet, som rommar mykje næring i dag, men kor potensialet kanskje er størst av alle næringane var har, så vil organiseringa av potensialet bli for smått om kommunane i dag skal handtere det kvar for seg, poengterte Hollevik.

Kommunikasjon

- IKKJE VÆR NAIV: Næringslivsgründeren Gunnar Carlson stussa på om han og Reidar Sandal ikkje burde vere i same politiske parti då dei var så samde i sak. Han hevda økonomi blir avgjerande skal ein ha håp om at kystvegen skal bli ein realitet.

- IKKJE VÆR NAIV: Næringslivsgründeren Gunnar Carlson stussa på om han og Reidar Sandal ikkje burde vere i same politiske parti då dei var så samde i sak. Han hevda økonomi blir avgjerande skal ein ha håp om at kystvegen skal bli ein realitet. Foto:

Kommunikasjon i ein slik kommune er den store utfordringa, og her er kystvegen sentral. Men at tilrettelegging for kommunikasjon sjøvegen er nødvendig både før og etter at vegane er blitt betre, var mellom anna dagleg leiar i K. Jansen, Ronny Kjerpeseth overtydd om.

Styreleiar for kystvegen Florø-Måløy, Reidar Sandal var på møtet og peika nok ein gong på at ein no må bestemme seg for ein trasé for at ein skal kunne komme vidare.

– Eg kan ikkje føre prosessen vidare utan å ha ein trasé å vise til. Det blir for useriøst. Då vil vi ikkje ha gjort heimeleksa vår, repeterte Sandal.

Gründeren frå Vågsøy, Gunnar Carlson, var også på møtet og støtta Sandal sitt utspel. Han var tydeleg på at det å vere raus overfor Bremanger er viktig, og at framdrifta for kystvegen krev at det blir teke avgjersler.

– Når vi skal velje trasé må vi ikkje bli for naive, presiserte Carlson og var tydeleg på at økonomien i botn avgjer om prosjektet skal bli gjennomført. Parallelt med det politiske miljøet i kystkommunane som framover vil jobbe felles med strategiarbeid, vil også næringslivet i dei tre kommunane jobbe fram eit felles fundament for utvikling i lag.  

Artikkeltags