Gjer klart for turbin-transport vidare til Hennøy Vindkraft

Leveranse av rotorblad frå danske Vestas på Fjord Base. Desse skal til Hennøy Vindkraftverk i august.

Leveranse av rotorblad frå danske Vestas på Fjord Base. Desse skal til Hennøy Vindkraftverk i august. Foto:

FLORØ: – Lossinga av turbinblad går gjerne litt seint i starten, men vi reknar med å vere klar i løpet av to dagar.

DEL


Det fortel Julia Winkler, som er danske Vestas sin transport-spesialist og koordinator i Nord og Sentral-Europa. Ho var tilstades då lasteskipet «Pietersgracht» starta lossinga av turbinblad og dei andre vitale delane av Hennøy-vindmøllene for vidare transport i starten av august.

Dei ulike delene vil bli lasta på spesialtrailerar, som skal køyre ombord i ro-ro-skipet som skal transportere dei til den nye kaia på Nesbø ved Svelgen. Der i frå skal dei køyre utstyret opp på Marafjellet på dei nye transportvegane til Hennøy Vindkraft.

Delane til tårna kom til Florø allereie den 5. juli. I denne omgangen kom dei 36 rotorblada til dei 12 turbinane på 4,2 MW kvar. I tillegg kom hubane og nacellane, delene som koblar rotorblada til tårnet og maskinhuset med gir og generator.

– Delene til tårna er produserte i Kina, medan rotorblada er laga i Tyskland. Nacelle og hubar er produsert i Danmark. Den 3. august har vi planlagt at ro-ro-skipet skal komme her til basen for å starte transportjobben vidare. Det er ein spanande prosess å få alle delene trygt fram til vindparken, understrekar Winkler.

Vestas er eit dansk globalt vindkraftkonsern som har installert vindkraftanlegg i heile 80 land kring om i verda. Grunnleggaren av selskapet; Hand Smith Hansen, starta opp som smed allereie i 1898 på den vindfulle danske vestkysten. I dag er Vestas verdas største leverandør av utstyr til vindkraftindustrien.

Artikkeltags