Taxi-næringa fryktar frislepp gir dårlegare tilbod i utkantane

FLORØ TAXI
DROSJE - DROSJER - DROSJENÆRINGA

FLORØ TAXI DROSJE - DROSJER - DROSJENÆRINGA Foto:

Taxi-næringa markerer i dag sin motstand mot regjeringas deregulering av taxi- næringa i heile landet.

DEL

– Vi ønsker å markere fredelig, og utan å råke kundane. Derfor består aksjonen i alle drosjer køyrer ut mellom kl. 18-20 i sentrale delar av byar og tettstader over heile landet, seier leiar i Norges Taxiforbund, Øystein Trevland.

Slik ønsker dei å vise fram alle bilane som er tilgjengeleg for publikum til alle døgnets tider. 

Taxiforbundet viser til at frislepp gir dårlegare tilbod i utkantane, alt for mange bilar i sentrum og høgare prisar når alt for mange skal prøve å leve av yrket. Dei meiner at drosjemarknader ikkje er sjølvregulerande slik som bransjar. Dei viser til at alle  dereguleringar i verda har gitt høgare prisar, det motsette av målet til politikarane.

Svekkjer tilliten

Forbundet meiner lovforslaget er rein ideologi med sosial dumping som forretningsmodell.

– Prosessen i saka svekkar tilliten til politikk og forvaltning. Høyringa viser massiv kritikk av forslaget frå mange hald, men alle blir overkøyrt av regjeringa, som har ”auka bruk av delingsøkonomi i persontransporten” som sitt einaste mål for taxipolitikken. VI krev at Stortinget sender lovforslaget tilbake til regjeringa fordi det er alt for dårleg utgreia, oppmodar Norges Taxiforbund.

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) ser ikkje slik på saka:

- Regjeringa ønsker eit betre drosjetilbod til passasjerar i heile landet. Folk forventar gode dør-til-dør-tenester, og vi må sjå moglegheitene som ligg i ny teknologi. Vi foreslår difor no å endre drosjereguleringa, for å få ein drosjemarknad som fungerer betre enn i dag og som legg til rette for meir innovasjon og større valfridom for kundane. Dette er viktige skritt mot morgondagens mobilitet.

For dårleg konkurranse?

Han meiner at konkurransen i drosjemarknaden fungerer for dårleg i dag.  Ny teknologi og endra reisevaner kan endre folk sin bruk av drosjer vesentleg i åra som kjem. I tillegg opplever drosjenæringa auka konkurranse gjennom dagens delingsøkonomi. Nye aktørar som ser nye måtar å tilby drosjetenester på kan få legale måtar å ta opp konkurransen på. Dette skuldast i stor grad at ein fjernar fylkeskommunane sin heimel for å sette ei øvre grense for kor mange løyver til å køyre drosjer det kan vere i fylket, såkalla behovsprøving. Ved å fjerne denne hindringa legg regjeringa til rette for at nye aktørar kan etablere seg i marknaden, fordi det no blir lettare å få tildelt nye løyver.

For å sikre tilboda i distrikta foreslår regjeringa at i område med færre enn 20.000 innbyggarar og 80 innbyggarar per kvadratkilometer kan fylkeskommunane framleis tildele ekslusive drifstrettigheiter som i dag.

 

 

Artikkeltags