Sjekk arbeidsløysa i din kommune

Manko: Det sluttar 1500 sjukepleiarar meir kvart år, enn kva ein klarar å rekruttere, skriv forfattaren av innlegget. (Ill. foto: ANB)

Manko: Det sluttar 1500 sjukepleiarar meir kvart år, enn kva ein klarar å rekruttere, skriv forfattaren av innlegget. (Ill. foto: ANB)

Innvandringa har stoppa opp og no trengst det fleire hender til arbeid.

DEL

I mai var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,1 prosent av arbeidsstyrken.

Det er ein nedgang på over 700 personar i høve til mai i fjor. I mai gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp med om lag 100 personar, samanlikna med april. NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 756 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,4 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla. Mangel på arbeidskraft Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier utviklinga i arbeidsmarknaden er godt nytt for dei som søkjer jobb, men at mangel på arbeidskraft også er ei utfordring som må takast på alvor.

– Vi kan ikkje vente at mangelen på arbeidskraft skal bli dekka av arbeidsinnvandring, og må difor nytte oss betre av ressursane som er tilgjengeleg blant dei som i dag står utanfor arbeidsmarknaden, seier Bogsnes.

Størst nedgang på Stord

Nedgangen i arbeidsløysa er i all hovudsak blant menn (-688), og innan yrke som tradisjonelt har ei overvekt av mannlege arbeidstakarar. Sjølv om industriarbeid (-312) og bygg og anlegg (-238) er blant yrkesgruppene med størst nedgang i arbeidsløysa er det òg her det er flest ledige. Innan industriarbeid er det 856 ledige, butikk- og salsarbeid har 831 ledige og bygg og anlegg har 767 ledige. Samstundes aukar utlyste stillingar med heile 78 % innan industriarbeid. Det er færrast ledige innan akademiske yrke (98), innan jordbruk, skogbruk og fiske (126) og blant leiarar (157).

Høgast i Selje

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Stord (-84 personar), i Os (-60 personar) og på Askøy (-57 personar). I Bergen kommune er det no 3766 ledige, som er 260 færre enn i fjor.

I mai er det høgast arbeidsløyse i Selje, (4,7 %), Austrheim og Modalen (begge 3,3 %), medan Hornindal, Vik, Balestrand, og Gaular (mindre enn 1 prosent) har færrast ledige i dei to fylka.

Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,1 prosent i mai.

Artikkeltags