Framleis tusen fleire førdiananar

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Torsdag kom dei offisielle innbyggartala i Sogn og Fjordane per 1. januar 2017.

Totalt har fylket passert 110.000, og enda til slutt på 110.266, noko som er 736 fleire enn på same tid i 2016.

Veksten held fram også i Flora, som på årets første dag berre var éin innbyggar unna 12.000. I løpet av det siste året har folketalet i Flora auka med 0,6 prosent, frå 11.923 til 11.999, altså 75 innbyggarar i pluss.

Samstundes bikka folketalet i Førde 13.000. 1. januar 2016 var Førde 12.900 menneske, 1. januar 2017 var dei 13.009.

Bremanger enda også opp i knepent pluss. Der gjekk innbyggartalet opp med éin frå 3.846 til 3.847.

Vågsøy gjekk i minus, med ein nedgang frå 6046 til 6031.

Artikkeltags