Skal teste ut 5G i Flokeneset

BREIBAND-ALTERNATIVET: Flokeneset blir prøvestad når Telenor no vil finne ut om 5G er løysinga for utkantane. Her er Telenor-toppsjef Sigve Brekke, saman med f.v. Fjaler-rådmann Bente Nesse, fylkespolitikar Jakob Andre Sandal (SV) og Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap).

BREIBAND-ALTERNATIVET: Flokeneset blir prøvestad når Telenor no vil finne ut om 5G er løysinga for utkantane. Her er Telenor-toppsjef Sigve Brekke, saman med f.v. Fjaler-rådmann Bente Nesse, fylkespolitikar Jakob Andre Sandal (SV) og Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap). Foto:

Av

Eit femtital husstandar på begge sider av Førdefjorden blir inviterte til å teste ut framtidas trådlause breibandteknologi.

DEL

Pilotprosjektet blir konsentrert rundt ein basestasjon i Flokeneset i Askvoll, og blir det første i sitt slag i landet utanfor dei store byane, melder Firda.

Husstandane som i dag er knytt til det snart utdaterte koparnettet får no teste ut det revolusjonerande 5G-nettet som er raskare og meir effektivt. Telenor trur 5G kan bli alternativet til fibertilknyting i spreiddbygde utkantar.

– Vi har valt Flokeneset fordi ein her har krevjande vêrforhold og landskap med fjord og fjell, seier Telenor sin konsernsjef, Sigve Brekke, som sjølv var med då pilotprosjektet vart presentert tysdag føremiddag.

– Vi ønsker å teste både rekkevidde, hastigheit og brukaroppleving, seier Brekke til Firda.

Telenor stilte med ein heil delegasjon, og møtte ordførarar og rådmenn då pilotprosjektet vart presentert i Flokenes Grendahus.

Testinga skal ta til i oktober og varer til ut i 2020. Telenor reknar med at tilbodet deretter blir vidareført på ein eller anna måte.

Artikkeltags